Klare for ny marknad
Manglar du framleis ei julegåve eller to? Sundag arrangerast det igjen julemarknad på Osøyro.
Det blei ein suksess då Os sentrum inviterte til julemarknad førre sundag. No gjentek dei arrangementet, denne gongen med nye utstillarar og musikalske innslag.
– Det blir eindel nye utstillarar.
– Denne gongen har vi fokusert litt ekstra på det kulturelle med musikarar og forfattarar blant utstillarane. Så her er det mogleg å gje båe CD-ar og bøker i gåve, fortel Tove Tvedt Skarstein.
Opnar hagen
Sølvi Walle, som bur midt i sentrum, opnar hagen og hagehuset sitt.
– Her er det mogleg å oppleve både hagen og den gode stemningen i det vesle huset.
– Sølvi kjem til å selgje produkter ho lager der. I teltet på torget finn vi denne gongen mellomanna Nils Brynjulf Bøe, Eva Juul, Bente Haugland og Frode Sirevåg.
– Frå musikkverda er både Steinar Lyssand frå Blue Note Shuffle, spelemannsnominerte Gina Aspenes og Johnny Olsen på plass.
– Nokre av dei vil nok dra i gong ei låt eller to, smilar Skarstein som lovar både graut, gløgg og meire til.