Klar for 7000 høgdemeter
Jernmannen hadde jernmangel i VM, men no er Thomas Andersen klar for 119 km ultraløp frå Itailia til Frankrike.
Om du skal kjøra bil frå den italienske byen Courmayeur til franske Chamonix er det 21 kilometer, dei fleste i tunnel.
Ultraløper Thomas Andersen skal ikkje i tunnel, han skal springa 119 kilometer opp til saman 7.250 høgdemeter over fjella rundt Mont Blanc.
Deltakarane har 33 timar på seg, Thomas brukte i fjor rett over 17 timar og kom i mål på ein imponerande 11. plass av cirka 1.400 kvalifiserte ultra-løparar.
Les òg: – Beina ser ikkje klok ut
– Eg var nøgd, samtidig var det litt surt, for topp 10 kjem på pallen. Ultra-løp er ein stor sport på kontinentet og med til saman 6000 deltakarar i dei fire North Face-løpa i Mont Blanc var det stor stemning på premieutdelinga i fjor.
Thomas deltar i TDS (Sur les Traces des Ducs de Savoie), eit av fire løp i The North Face Ultra-Trail du Mont Blanc.
Mislykka VM
Andersen har vunne fleire ulike norske ultraløp, men gjekk glipp av årets Hornindal Rundt, då han same helg var i VM i ultraløp i Wales.
Men den første laurdagen i juli blei ikkje som Thomas hadde håpa på.
– Eg blei dårleg midt i løpet, kasta opp, var svimmel og følte at eg heldt på å svima av.
Thomas trudde han hadde fått ein infeksjon eller liknande, men blodprøvar tatt etter løpet viste at kroppen hans var tom for jern.
– Eg fekk jerntablettar og endra kosthaldet. Etter to veker med ferie og lett trening i flate Danmark var eg betre, og sidan midten av juli har eg trent bra.
Tok 3 ultraløp på 3 dagar
Andersen trur jernmangelen har prega store delar av sesongen hans, men meiner likevel at han er i grei form.
– Eg kunne nok trent hardare og betre om jernnivået hadde vore som det skal vera, men samtidig føler eg at eg har fått trent godt i år.
I påsken sprang han frå Haukeliseter til Finse, 15 mil, i joggesko på snø med tynn skare, på tre dagar. Det tilsvarar tre ultraløp tre dagar på rad, på ei samla tid effektiv løping på 19 timar.
I mars vann han det 100 km lange pulkløpet Expedition Amundsen og i slutten av mai sprang han inn på god tid i Skymarathon i Spania.
– I sommar har eg vore nokre veker og trent i Alpene, i dag reiser eg til Røldal for nokre økter før avreise til Italia.
I Røldal skal han springa til Litlos den eine dagen, tilbake den andre. Kvar tur er på tre mil.
Fredag reiser han til Italia for å førebu seg på start på Sur les Traces des Ducs de Savoie onsdag 28. august.