Politi | 20. aug. 2024

Klage på høg fart i Giljavegen

Råkøyring, sjuk katt og laus skjerm.

Klage på høg fart i Giljavegen
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestysdag 20. aug. 2024 10:03

Politiet oppsummerer siste døgn.

Råkøyring

Måndag ettermiddag fekk politiet to ulike meldingar om MC-ar med svært høg fart.

– Førarane var tildekte. Meldar klarte ikkje å notera kjennemerke på syklane, fortel politistasjonssjef Anne Lyssand.

Lyssand fortel at det ikkje blei gjennomført operative tiltak på råkøyringa i Giljavegen.

Sjuk katt

Seint måndag kveld fekk politiet melding etter ein sjuk katt var observert.

– Meldar hadde ikkje kjennskap kven eigar kunne vera, seier Lyssand.

Katten blei funnen utanfor eit hus i området på Berge.

– Det blei ingen operative tiltak frå politiet si side, men meldar ville kontakta veterinærvakta.

Skjerm i vegen

Tysdag morgon fekk politiet melding om ein skjerm som låg i vegbanen.

– Det er mogleg at det var ein inneskjerm frå ein lastebil.

Lyssand opplyser at oppdraget blei overtatt av vegtrafikksentralen, som sende ut entreprenør til staden.

Skulepatruljering

Eit nytt skuleår er i gang, og politiet utfører i desse dagar «aksjon skulevei».

I dag var patruljen tilstades på Nore Neset barneskule.

– Det var fin flyt i avleveringa, trass i at det var en god del trafikk på staden, seier Lyssand.

Ho legg til at den eine busslomma ofte blir brukt til parkering.

– Det var heldigvis ikkje eit problem i dag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.