Lokal | 13. des. 2013

Kjørte vinkelrett av vegen

Fredag 13. har ført med seg litt ulykke. – Det var utruleg glatt, seier bilførar.

Kjørte vinkelrett av vegen
Denne bilen står i grøfta i Åsen fredag. (Lesarbilde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 13. des. 2013 12:47

Ulykkesdagen slår heldigvis ikkje alltid uheldig ut, men i Åsen er det kanskje lett for å bli litt overtruisk.

Der står det nemleg ein bil i grøfta, nesten vinkelrett på vegen.

– Vi har ikkje høyrd noko om denne ulykka, så den er truleg utan personskade, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Midtsiden-tipsaren kjørte forbi i 12-tida og då var det ikkje folk rundt bilen.

Etter at Midtsiden viste bilde av bilen tok bilførar kontakt.

– Eg kan stadfesta at ingen blei skadd. Eg kjørte varsamt, for det var veldig glatt, men klarte likevel ikkje å hindra at eg hamna i grøfta, fortel bilføraren.

Politiet fekk i 2.30-tida natt til fredag melding om utforkjøring ved klosterruinane, ikkje så langt frå Åsen.

Det er truleg same bil.

– Eg kjørte utfor i 1.30-tida, men ringte ikkje politiet. Men kanskje andre kom forbi litt seinare og ringte inn.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.