Kjørte rett i butikken
For andre gong på éi veke har kundar møtt veggen hos Rema 1000.
Laurdag klokka 13.40 fekk politiet melding om eit lite trafikkuhell på Rema 1000 Kuvenstasjon.
– Ein eldre mann hadde kjørt i eit butikkvindauge, fortel politibetjent Rune Fimreite.
– Det same skjedde for cirka ei veke sidan, med ein annan førar, men same butikk, legg han til.
Det er ikkje mistanke om promille etter uhellet.
Hærverk i Hamnevegen
Både Bar2Be og Irish Cat har vore stengt også denne helga, men på Solsiden har det vore livleg.
– Vi såg ein ung mann utanfor baren som gjorde hærverk på eit skur.
– Han fekk pålegg om å fjerna seg frå sentrum og blir naturlegvis også meldt for hærverket.
Meir tull med tohjulingar
Fredag tok politiet hand om ein mopedist som ikkje hadde alt på stell, laurdag stoppa dei tre andre av same sort.
– I 22-tida stoppa vi endå ein med oppoverbøyd skilt. Han fekk pålegg om å visa mopeden med rett montert skilt innan ei veke.
Klokka 22.40 stoppa politiet ein mopedførar på Halhjem som kjørte utan hjelm. Han fekk gebyr.
– Tidlegare på kvelden, i 18-tida, stoppa vi ein førar av ein 125-kubikkar som ikkje hadde forsikring.
– At han i tillegg hadde ein bakpå, utan forsikring, begge kun iført shorts og t-skjorte, gjorde at han risikerte regresskrav om noko skulle gå gale.
– Uerfarne mc-førarar bør vera meir varsamt enn dette, meiner Fimreite.