I arresten etter husbråk
Politiet: Krangel på Kiwi, husbråk på Halhjem og mistanke om trimma moped.
Fredag litt før klokka 18 fekk politiet melding om ein episode utanfor Kiwi Moberg som såg litt valdsam ut.
– Ein person gjekk bort til nokon i ein parkert bil som tydelegvis ikkje var interessert i å prata med vedkomande.
– Det enda med riving og sliting i bildørene, delvis klatring på panseret og kasting av ei flaske, fortel politibetjent Rune Fimreite.
Politiet har prata med begge partar og det blir ikkje noko oppfølging i saka. Dei involverte skal vera ei kvinne og to menn, alle i 20-åra.
Husbråk og mann i arresten
I 5-tida natt til måndag fekk politiet melding om husbråk på Halhjem.
Ei rute hadde blitt knust og ein mann på rundt 40 år blei tatt med til Bergen for overnatting i arresten.
Mistanke om trimming
I 22.30-tida fredag kveld hadde politiet trafikkontroll på Halhjemsvegen, retning sør.
113 bilar blei kontrollert, éin av dei hadde tekniske manglar som må visast utbetra for Vegvesenet.
I 8-tida laurdag morgon stoppa politiet ein moped på Lepsøyvegen.
– Mopeden hadde feilmontert skilt, vippa opp sånn vi ser på ein del mopedar for tida, og som fører til reaksjon.
– I tillegg hadde den defekt eksosanlegg og det er mistanke om trimming, så mopeden må visast fram for full gjennomgang av vegvesenet, seier Fimreite.