Kjem til Os for å opna kjøkken
Helseminister Kjerkol besøker Luranetunet.
– Endeleg er vi i gang! Etter fleire år med planlegging og prosjektering er matomsorga i hendene på kokkar på Luranetunet, skreiv Luranetunet på Facebook tysdag.
Dei deler også fleire bilde av det nye kjøkkenet.
Produksjonskjøkkenet ved Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS) lagar middagar for både eigne bebuarar, bebuarane på Luranetunet, brukarane av dagsentera og heimebuande som får middag levert på døra.
I tillegg har både Luranetunet og FBBS tillagingskjøkken. Her lagar matfagleg tilsette til maten for servering. Dei lagar òg dei delane av måltidet som ikkje er eigna til oppvarming, som til dømes kokt fisk og grønnsaker.
– Eg begynte å jobba for kjøkkenløysinga som opposisjonspolitikar i 2015. Det er ei stor glede at vi i posisjon i Bjørnafjorden endeleg har fått dette til - både for dei eldre og for dei tilsette, seier ordførar Trine Lindborg (Ap) i ei pressemelding.
Onsdag kjem helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol (Ap) til Luranetunet.
Der vil ho foreta offisiell opning av kjøkkenet.
Formålet med besøket er også å høyra og sjå korleis Bjørnafjorden kommune løyser utfordringar som mange kommunar står i:
- Betre matomsorg i pleie- og omsorgssektoren
- Betre tid til pleieoppgåver for helsepersonell i institusjonane
- Rekruttering av fastlegar - «Bjørnafjordmodellen»