Lokal | 04. mars 2019

Thyra Frank besøkte Luranetunet

Rutinert, dansk eldreminister blei imponert - og snakka varmt om mat frå eige kjøkken.

Thyra Frank besøkte Luranetunet
Eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (t.v.), ordførar Terje Søviknes og eldreminister i Danmark, Thyra Frank. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmåndag 04. mars 2019 09:51

Bildeserie:

Ordførar Søviknes greidde ut om eldreomsorg i Os. Frank noterte flittig. (Foto: KOG)
Ordførar Søviknes greidde ut om eldreomsorg i Os. Frank noterte flittig. (Foto: KOG)
Olav Ragnhildstveit kunne fortelja om gode trivselreiser med Os kommune. (Foto: KOG)
Olav Ragnhildstveit kunne fortelja om gode trivselreiser med Os kommune. (Foto: KOG)
God stemning under ministermøtet på fredag. (Foto: KOG)
God stemning under ministermøtet på fredag. (Foto: KOG)
1 av 3

I januar var eldre- og folkehelseminister Åse Michaelsen (Frp) på besøk hos sin danske kollega, fredag var Thyra Frank i Noreg og Os.

Då var det tid for trivselreiser til Syden for eldre, tropehage og litt Sio (statlig finansiert omsorgstenester) på dei 90 minutta dei to ministrane var innom Luranetunet.

Os inspirerer

Besøket vart innleidd med ei rask gjennomgang av osisk, og litt nasjonal, eldrepolitikk frå ordførar Terje Søviknes (Frp). Søviknes snakka om korleis Os kommune jobbar for å førebu den einskilde for sin eigen alderdom og korleis jobba godt saman med dei pårørande.

Vidare gav Søviknes dei besøkande eit innblikk i historia og drifta av Luranetunet.

– Folk er bevisste på sin eigen alderdom, og vi ser at dei eldre søkjer til Os. Vi har eitt godt tilbod, og vi opplev ein del «eldreflyktiningar» som søkjer seg til Os, sa han spøkefullt.

Til Syden med Olav

Etter Søviknes si utgreiing bar det vidare på barbesøk. Nærare bestemt til Bambus Bar.

I Tropehagen sin eigen bar fekk gjestane ein alkoholfri drink, og Søviknes fortalde om Os kommune si historie som turoperatør.

– Vi fekk ein del kommentarar på at vi som kommune skulle vera reisebyrå, men vi kan no sjå attende på mange vellukka turar, både for dei eldre og ikkje minst for dei psykisk utviklingshemma. Der vi i starten tok på oss heile arrangørjobben, syt vi no, saman med profesjonelle turoperatørar, for tryggleik på reisene.

For å understreka gleda ved trivselreiser hadde Olav Ragnhildstveit teke turen til Bambus Bar. Godt parkert på rullatoren sin, fortalde Ragnhildstveit om sine erfaringar med trivselreiser før han farta heim att.

Entusiasme frå Danmark

Thyra Frank er ingen kven som helst sett med eldrepolitiske auge. Etter ei lang karriere som sjukepleiar, er ho nok mest kjend for rolla som forstander ved sjukeheimen Lotte. Der gjorde ho seg bemerka med å få ned sjukefråveret til rekordlavt nivå, servera raudvin til maten, portvin til kaffien, og ikkje minst ta bebuarane med på ein årleg charterferie.

På spørsmål om kva Danmark kan læra av norsk helsepolitikk, og vise-versa, er det to tema som opptek den danske ministeren;

– Eg har 37 yrkesaktive år bak meg innan eldreomsorg, og eg let meg imponera over det eg ser her på Luranetunet. Eg ser på Sio-ordninga med interesse, men for meg handlar det heile om å sikra livskvalitet.

– Eg er òg oppteken av maten i eldreomsorga. Eg meiner at kjøkkenet skal vera ein sentral og samlande stad. Det å kunne lukta mat er med å skjerpa sansane og auka trivselen.

Meir rett bruk av midlar?

Den norske eldre- og folkehelseministeren sette pris på det ho fekk sjå og høyra på Luranetunet på fredag.

– Os har vore éin av seks kommunar som har delteke i pilotforsøket med Sio-midlar. Jo, vi har nok brukt ein del ekstra midlar, men vi må hugsa at dette er eit forsøk. Det vi ønskte å belysa med prosjektet var at vi såg ein stor skilnad i korleis kommunane nytta midlane. Med øyremerkte midlar skal det vera lettare for ein kommune å prioritera rett.

Michaelsen fortel at to av kommunane som er med i prosjektet valde ein annan modell enn den Os har, men at dei no vil gå over til same modell som Os.

Seks blir tolv

Michaelsen fortel vidare at regjeringa planlegg å utvida ordninga i inneverande år.

– Vi legg opp til at seks nye kommunar skal inn i prosjektet. Med den pågåande kommunereforma, blir nok det relle talet 16-17 kommunar. Fusa vert jo til dømes med i prosjektet via den nye Bjørnafjorden kommune.

Korleis framtida til Sio vert sjåande ut har ikkje eldre- og folkeministeren noko konkret svar på, men Michaelsen er oppteken av læringa;

– Vi må uansett ta med oss alle erfaringane frå dei ulike kommunane vidare inn i framtida.

Botun og generasjonshus?

– Du besøkte Danmark, og kollega Frank for nokre veker sidan - kva fekk du sjå der som kunne passa norsk eldreomsorg?

– Eg let meg inspirera av det dei kallar «Generationernes hus». Der vert det bygd eit større bustadkompleks, kor planen er at både barnefamiliar, vaksne, studentar og eldre skal bu saman. Eg tykkjer det er ei spanande tanke med generasjonar samla under same tak, eller i eit tun.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.