Sport | 07. feb. 2014

Kenneth signerte - og putta to

Os vann torsdag 2-1 over Bjarg i ein treningskamp. Det nysignerte stortalentet Kenneth Gjerde (16) skåra begge måla til heimelaget.

Kenneth signerte - og putta to
– Han har ein tendens til å vera på rett plass til rett tid, seier Stian Lunde om Kenneth Gjerde. Her under gårsdagens kamp mot Bjarg, der Kenneth (t.v.) skåra to mål. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. feb. 2014 23:33

Laurdag skåra nysignerte Mats Cato Moldskred (27) to av Os sine tre mål då dei gule og svarte leiar tre gongar og spelte 3-3 mot Fyllingsdalen.

Torsdag fekk ein annan nysignert spelar vist seg fram. Os spelte treningskamp heime mot Bjarg, som kom på 3. plass i 3. divisjon avdeling 8 i fjor, og som er avdelingsmotstandar i år.

Kenneth Gjerde, som fylte 16 år rett før jul, gav Os leiinga 1-0 før pause og auka til 2-1 kort tid før slutt.

– Det var tøft å vera spiss og kant mot ei forsvarsrekke der alle er 40 kilo tyngre enn meg. Men eg sette heldigvis ballen i mål då eg fekk sjansen, seier Kenneth.

– Grei kamp på ein dårleg dag

Kaptein Stian Lunde var ikkje nøgd med eige lag i går, spesielt ikkje i første omgang.

– Innsatsen var god, men laget hang ikkje saman i ledda. Det kom seg i 2. omgang, men då blei vi liggande litt lågt.

Bjarg fekk utvist ein spelar i 1. omgang, men Os bad dommarane opna for 11 spelarar etter pause, sidan det var treningskamp.

Bjarg var heiltent og veldig fysisk tøff i duellane.

– Sånn sett var det greit, vi fekk litt å henga fingrane i, seier Lunde.

Desse spelte for Os i går: Martin Tysseland - John Ole Johannessen, Dani Alvær Bergstø, Emilis Zilinskas, Lukasz Horvath, Børge Borgen, Glenn Krossøy, Ørjan Glesnes, Stian Bakke, Stian Lunde, Emil Halver, Håkon Kvittingen, Sander Kvittingen og Kenneth Gjerde.

Bakgrunn frå Åsane og Brann

Gjerde hadde sine første år på fotballbanen i Samnanger, men blei etter nokre år kjørt til Åsane for å få meir matching.

Etter 3-4 år i Åsane blei han invitert til Brann, der han var i 3-4 år fram til familien flytta til Os.

Han har spelt på kretslaget og vore på treningsopphald i Köln både i fjor og i forfjor.

– Eg trivst godt på Kuventræ. Det er eit fint miljø med dyktige trenarar og mange erfarne spelarar som er trur eg kjem til å læra mykje av.

– Kenneth har gjort godt inntrykk. Han er veldig rask og driblesterk og har ein tendens til å vera på rett plass til rett tid. Det fekk han vist også i går, seier Stian Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.