Lokal | 06. mai 2013

Kasta gjengangar i kasjotten

Politiet har i helga tatt hand om ein som truga ein medhjelpar i tingretten og ein som blei tatt for ein serie hendingar, med kniv og narkotika i lommene.

Kasta gjengangar i kasjotten
Politiet i Os hadde fleire søk etter ein gjengangar som pådrog seg fleire saker i helga. Den raude bilen i bildet har ikkje noko med saka å gjera. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 06. mai 2013 11:02

Fredag og laurdag formiddag fekk politiet melding om blant anna steinkasting og utforkjøring.

Les òg: – Oi sann!

Laurdag ettermiddag og kveld fekk dei fleire møte med mannen som natt til laurdag kasta stein og laurdag formiddag blei fjerna frå eit bufellesskap der han lagde bråk.

– Mannen hadde kniv på seg. I tillegg fann vi noko vi trur er narkotika, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

I 21-tida laurdag kveld blei mannen, som er rundt 40 år gamal, sett i fengsleg forvaring.

Trailer tok spegl

Måndag morgon i 7.15-tida fekk politiet melding om trafikkuhell på Halhjemsvegen.

– Ein blå trailer hadde kome delvis over i motsett kjørefelt og knust speglet på ein bubil.

– Trailersjåføren stoppa ikkje og forholdet er meldt.

Truga tingretten-medhjelpar

Laurdag i 19-tida fekk politiet melding om trugslar.

Ein rusa og fortvila mann hadde truga ein medhjelpar i tingretten. Han blei tatt hand om, sett i arresten og dimittert etter avhøyr søndag.

Sint fotgjengar og fulle venninner

Natt til søndag fekk politiet melding om ein mann som gjekk i vegen ved Halhjem Kafé og slo etter forbipasserande bilar.

Då patruljen kom fram var vedkomande vekke.

På natta kom det også melding frå Os Taxi, som hadde to venninner i bilen som skulle heim til ho eine. Problemet var at vertinna ikkje hugsa adressa si.

– Det løyste seg ved at dei blei kjørt heim til ho andre.

Med to ulike, utgåtte prøveskilt

I løpet av natt til søndag blei det stoppa ein bil på Søfteland som ikkje hadde alt på stell.

Bilen hadde prøveskilt framme og bak, to ulike prøveskilt, og begge var gått ut på dato.

Framleis høg fart i Dalen

Den siste tida er det tatt beslag i heile 9 førarkort på Hatvikvegen og Hegglandsdalsvegen.

Det hindra ikkje fleire bilistar frå å kjøra for fort natt til søndag.

– Vi hadde promillekontroll på natta. Ingen blei tatt med promille, men fleire fekk muntleg pålegg om å redusera farten.

– Vi hadde ikkje målingar på dei, men det er litt skuffande at fleire held fram med å kjøra for fort på desse vegane. Men vi kjem til å halda fram med fokus på trafikktryggleiken i Os, spesielt i Hegglandsdalen og på Hatvik, åtvarar Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.