Lokal | 03. mai 2013

Tatt i 148 km/t

Han prøvde truleg å rekka ferja, men kan nok førebu seg på soning, mannen som i går blei den fjerde på éi veke som mista førarkortet på Hatvikvegen.

Tatt i 148 km/t
UP med laser på Hatvikvegen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 03. mai 2013 09:12

– Vi har no hatt ni førarkortbeslag på Hatvikvegen og Hegglandsdalsvegen få månadar, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Torsdag klokka 17.10 blei ein bil målt til 148 km/t i 80-sona på Hatvikvegen.

– Føraren, ein mann i slutten av 40-åra, skulle truleg nå ei ferje, men dette er farleg fort uansett kva du skal nå. Vi har hatt dødsulykke på Hatvikvegen før.

– Møter du fotgjengarar eller møtande trafikk som svinger ut for turgåarar, eller tar forbikjøring, så kan det bli vanskeleg å bremsa og manøvrera i 148 km/t.

Søndag var det to bilistar som mista førarkortet på Hatvikvegen. Torsdag for ei veke sidan tok UP eitt førarkort på Hatvikvegen og eitt på Hegglandsdalsvegen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.