Kan «Tor» bli ein ny «Nina»?
Ekstremvêret «Tor» er på veg, og ser ut til å ramma Os hardare enn først venta.
Brannsjef i Os kommune, Stein Gjøsund, veit førebels ikkje meir enn nokon av oss andre om korleis fredagen blir.
– Vi følgjer med på vêrmeldingane slik andre gjer, og forholde oss til den informasjonen som kjem frå Vêrvarslinga. Vi har henta fram planverket vårt, og er så førebudd som vi kan vera på dette uvêret, seier han.
I januar i fjor førte «Nina» til velta tre, straumbrot, stengte vegar, carportar som flaksa i husveggar og hytte som bles på sjøen.
Morgonmøte
Kommunal Kriseleiing (KKL) skal samlast i morgon tidleg og drøfta utsiktene og kva tiltak som eventuelt skal setjast i verk.
– Slik det ser ut no, kjem det heftigaste vêret til å vera over oss i morgon ettermiddag mellom kl. 14 og kl. 18. Alt vert så uføreseieleg på grunn av tidspunktet. Skular og barnehagar stenger i dette tidsrommet, folk skal heim frå arbeid. Då kan det verta aktuelt å setja i verk ekstra grep. Til dømes kan det verta aktuelt å halda ungane att på skulen til foreldra kjem og henter dei. Men alt dette er som sagt vanskeleg å spå om no. Mykje kan endra seg dei neste timane.
Sikra alt, og halda seg heime
Brannsjefen har klare råd til osingane i høve ekstremvêret dersom det vert så ille som til dømes Nina i januar i fjor.
– Folk bør ta tak i og sikra alt laust utandørs. og få i hus mest mogleg. Folk bør også vurdera om det verkeleg er naudsynt å gå ut. Då bør kvar enkelt gjera ei risikovurdering. Det kan koma fykande lause gjenstandar og takstein, tre kan velta, og straumførande leidningar kan koma ned og vera til hinder i vegen. Ein bør gjerne halda seg heima om ein kan.
Følg opp dei eldre
Brannsjefen oppmodar også folk til å ta vare på dei eldre familemedlemmene sine.
– Dei som har eldre personar i familien bør følgja opp desse, og sjå til at dei har det bra. Mange eldre bur no i bustader med berre elektrisk oppvarming, og vi kan oppleve straumbrot over lengre tid. Dei som ikkje har pårørande i nærleiken må kommunen ta seg av.
Håpar det beste
Brannsjefen seier at ein berre lyt venta å sjå korleis vêret utviklar seg.
– Vi førebur oss i forkant så godt vi kan, men vi kryssar fingrane og håpar det beste. Dersom det oppstår naudsituasjonar, må publikum ringja dei tresifra naudnummera. No kan det skje at linjene vert opptatt, og då må folk ringja oss på vakttelefon. Det som er sikkert er at Os kommuen skal strekkja seg langt for at handteringa av ekstremvêret og følgjene av det skal løysa seg så smidig som mogleg, avsluttar han.