Lokal | 28. jan. 2016

Sterkast vind fredag

Det er fare for orkan i kasta dei neste dagane. Fredag kveld ser ut til å bli verst.

Sterkast vind fredag
Kuling og bølgjer herja med Os hamn og fjørene rundt 30. desember. I morgon skal det blåsa opp igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. jan. 2016 09:21

Restane etter orkanen «Jonas» blei ikkje så heftige som først venta, men i morgon er eit nytt kraftig lågtrykk på veg inn over Vestlandet.

Frå Stavanger i sør og nord forbi Trøndelag er det fare for orkan i kasta.

Yr og Storm er ganske samkøyrde i meldingane for Os, her er det venta 7-10 m/s (frisk bris) frå sør frå morgonen av.

På ettermiddagen skal vindstyrken auka til 17-18 m/s (sterk kuling) frå sørvest.

- Hordaland ligg førebels litt i randsona av lågtrykket, men også her kan vi venta oss full storm med vindkast på 35-40 meter per sekund, seier Geir Ottar Fagerlid, vakthavende meteorolog ved Meteorologisk institutt i Bergen, til BT.no.

Vinden skal halda seg sterk gjennom natta og fram til formiddagen laurdag, då den skal ned frå 15 til 8-10 m/s.

Våt helg – lettare vêr om ei veke

Laurdag kveld og søndag blir rolegare og kaldare, temperaturen skal ned frå 7-8 plussgradar til 1-3.

Det er meldt ein del nedbør i helga, søndag kan denne koma som sludd eller snø.

Også neste veke blir våt, men frå onsdag eller torsdag skal det letta og vi får minusgradar igjen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.