Kan mista 13 millionar
Pensjonsordninga for dei tilsette i kommuen skaper hovudbry. I verste fall taper kommunen 13 oppsparte millionar.
Formannskapet tok onsdag stilling til kva kommunen skal gjera med pensjonsordninga for dei tilsette i kommunen, etter at Storebrand tidlegare i år varsla at dei ikkje lenger ville driva med pensjon.
Les òg:
På bordet hadde dei to framlegg frå rådmannen. Eitt kor ein flytter til KLP fra 1.1.14 og eitt kor ein eitt år til held seg hjå Storebrand, medan ein vurderar oppretting av eiga pensjonskasse.
– Det har vore vanskeleg å få klarlagt kor stor oppreserveringa knytt til at arbeidstakarane lev lenger er.
– Dei siste signala tydar på at det kan dreia seg opp mot 13 millioner kroner. Utfordringa er at det ikkje er avklart om vi får desse med oss inn i eitt nytt selskap.
– Finanstilsynet har lova ei avklaring, men den har ikkje kome, fortalde rådmann Knut Terje Rekve.
Dårleg tid
Fristen for å ta ei avgjer er 1. oktober denne hausten.
– Vi skal ha drøftingar med dei tilsette sine organsiasjonar no den 18. slik at det følgjer saka til kommunestyret.
– Eigentleg er det ein spesiell situasjon etter at dei private tilbydarane Storebrand og DnB trakk seg ut av marknaden. KLP er den einaste reelle tilbydaren av tenstene.
– Vi kan oppretta eiga kasse, men finanstilsynet fortel oss at vi ikkje rekk å gjera det frå 1.1. det grunna formelle krav.
– Dermed må vi velgja å gå til KLP eller bli hjå Storebrand eitt år til. Ved å gå til KLP kan vi spara 5 millionar i direkte kostnader, i tillegg er det uavklart kva som skjer med dei 13 millionane.
– Det er muleg eg er litt treig, men eg kan ikkje fatta og forstå at Storebrand kan sitta igjen med dei 13 millionane, kommenterte Marianne N. Hjelle (Frp).
– Saka har gått på regelverket som ikkje har teke høgde for denne oppreserveringa. Det same gjeld for andre kommunar som sit i andre pensjonskassar. Det er difor det er så viktig å få avklaringa frå finanstilsynet.
– Det vil vera heilt urimeleg om vi ikkje får dei med oss, svarte rådmannen.
Innstillinga frå formannskapet blei at ein går for flytting til KLP dersom det kjem ei avklaring på dei 13 millionane før 1. oktober, men at ein ikkje bind seg til KLP. Formannskapet vil framleis vurdera om ei skal oppretta eiga pensjonskasse.
Med vedtaket kjøpte kommunane seg litt betre tid til denne vurderinga.