Kan endeleg bruka blålysa
Legevakta kan henta inn viktige minutt.
Bjørnafjorden og Samnanger legevakt har sjeldan kunna bruka blålysa dei har på taket.
Årsaka er at berre nokre få av dei tilsette har kompetansebevis for utrykningskjøring.
– Det har vore ei ulempe i nokre situasjonar, spesielt ved utrykking til ulykker, at legevakta har blitt ståande i kø, seier legevaktsjef Sveinung Gangstø.
Brannvesenet er god på førstehjelp, det er naturlegvis også mannskapen i ambulanse. Men heller ikkje ambulansen har lege om bord, og i nokre situasjonar er det viktig at også legen kjem raskt til staden.
Alle takka ja
Sjølv om legevakta har avtale med brannvesenet, som seier at brannvesenet kan stilla med sjåfør for lege, og nokre få av dei tilsette kan køyra utrykking, har det vore eit mål at hovudvekta av eigen stab sjølv skal kunna skru på blålysa når det trengs.
– Normalt er det sjukepleiar som køyrer. Legen har gjerne fleire oppgåver og telefonsamtalar som skal takast på veg til staden, forklarer Gangstø.
Nyleg fekk alle sjukepleiarane tilbod om å ta kompetansebevis for utrykningskjøring.
– Alle takka ja.
11 raske sjukepleiarar
No har legevakta hatt 11 sjukepleiarar to veker på kurs, i kvar sine puljer.
Du har kanskje sett eller høyrd dei susa rundt i Bergen brannvesen sin bil dei siste vekene? Men opplæringa har ikkje berre vore i Os, langkøyring til Førde har blant anna vore del av opplæringa.
– Vi er glade for at vi fekk gjennomført dette, og at responsen var så god blant kollegaene mine. Dette er med på å styrka beredskapen i kommunen.