Kan bli lensmann i Kvam
Politioverbetjent Terje Sperrevik har fått tilbod om ny jobb.
Politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor fekk denne veka tilbod om jobb som lensmann i Kvam og Samnanger lensmannsdistrikt.
Det er førebels uvisst om han vil takka ja til jobben. Sperrevik er på kurs og har ikkje vore tilgjengeleg for kommentar.
– Stillinga er eit eittårig vikariat for lensmann Terje Kvalvik, fortel personalsjef i Hordaland politidistrikt, Linda Birkeland til Midtsiden.
– Sperrevik var innstilt på førsteplass og fekk tilbod om stillinga tysdag.
Kvalvik er i vikarstilling som lensmann i Odda, i Hardanger lensmannsdistrikt.
Sperrevik var ein av to søkjarar då Oddbjørn Dyrdal blei ny lensmann i Os etter Rasmus Dalen gjekk av med pensjon i juni i år.
Kontoret i Kvam har 12 tilsette.