Lokal | 29. juni 2018

Kafé Engeline er stengt

Øyro AS gir seg i Brugata.

Kafé Engeline er stengt
Engeline var stengt under Osdagane i dag. I kveld fortel leigetakar Øyro AS at dei gir seg for godt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 29. juni 2018 00:03

Torsdag, første dag under folksame Osdagane, var Kafé Engeline stengt. I kveld la drivarane ut følgjande melding på Facebook.

«Kafe Engeline er da stengt for godt da vi i Øyro AS ikke ser muligheten til å drive videre».

Midtsiden har ikkje lykkast i å nå dagleg leiar og medeigar Sverre Marcelius, verken tidlegare i dag eller i kveld.

Om kafeen blir stengt for godt gjenstår å sjå, då det er ein av gründerane, Borghild Strønen og mannen Oddvar Onstad, som eig bygget.

Frå kafé til pub

I januar 2017 overtok kokken Svein Marcelius drifta av Kafé Engeline etter at søstrene Borghild og Dagrun gav seg månaden før.

Svein hadde med seg broren Sverre og Terje Hatvik på eigarsida.

I mars same år blei verksemda utvida med pub som tilleggsdrift.

Øyro AS skriv på Facebook at dei vil takka alle gjestane som har vore inna i tida dei har drive, og alle som har jobba på staden.

Tildelt 11 prikkar

Under skjenkekontroll 22. april i år blei det funne nokre avvik, men ikkje meir enn at det kunne drivast vidare.

Tysdag 5. juni blei det fatta vedtak om å gje Øyro AS 11 prikkar grunna ulike brot på alkoholforskriften.

Får du 12 prikkar mister du skjenkeløyvet i éi veke.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.