Starta pub i Brugata
Engeline rustar opp uteplassen, har fått 55 kvm under tak, og utvida opningstidene tre kveldar i veka.
Svein Marcelius, som overtok Engeline i januar, har fått med seg broren Sverre Marcelius på laget.
Sverre jobbar hos Frank Mohn, og har nyleg avslutta sitt lange engasjement som pro på Bjørnefjorden Golfklubb, noko som gjer at han har fått tid til å prøva noko nytt på fritida.
– Det er greit at det blei som det blei med golfen, eg håper berre at dei som overtar har like mykje hjarte for klubben som eg hadde. Eg har alltid vore opptatt av at klubben skal tena pengar, og då kan du ikkje telja timane du jobbar.
– No synest eg det er veldig spennande med noko nytt. Her står eg som dagleg leiar, sjølv om eg har den same jobben på dagtid som eg har hatt i rundt 25 år, og då er det mykje å setja seg inn i.
Fredagsbiff og pub
Brørne Marcelius er nøgd med dei første månadane som kafédrivarar.
– Vi får fine tilbakemeldingar på både personale og på maten. No har vi nyleg utvida tilbodet med pub fram til klokka 2.30 (skjenking til 2) om natta tre kveldar i veka.
Torsdag, fredag og laurdag er det langope. Første helga som pub er unnagjort, frå helga som kjem er det også utvida opningstid på kjøkkenet.
– Før stengte vi klokka 19. I helgene kan det nok, når vi likevel har ope, vera greit å kunna servera middag ei stund utover. Saman med utvida servering innfører vi fast fredagsbiff på menyen.
Full opprusting av uteserveringa
I førre veker kom to store markiser på plass over terrassen som delvis heng over Oselvo.
– No har vi 55 kvadratmeter under tak. Nokre nye møblar er på plass, fleire er bestilt.
Med terrassevarmarar, veggar langs markisene og seinare opprusting av både rekkverk, terrasse og leveggar, vil Engeline gje uteplassen eit løft.
Ingen nattklubb
Engeline har rett på skjenking av både øl, vin og brennevin, men vil halda seg til å driva restaurant og pub.
– Vi vil at det skal vera ein plass å vera sosial over eit glas vin. No får vi installert nokre høgttalarar utandørs, så vi får same musikken ute som inne.
Skjenkinga er til 2 om natta, og til klokka 1 utandørs, men gjestane kan sitja ein halvtime etter at alkoholserveringa er stengt.
– Sidan det er ein restaurant og eit oversikteleg lokale, så held vi på aldersgrensa 18 år på kveldane, sjølv om vi serverer brennevin. Så lenge vi som jobbar her har kontroll, og gjestane oppfører seg, så trur vi det vil fungera heilt fint, seier Sverre, spent på si andre helg med pub i Brugata.