Juleutstilling på Vedholmen Galleri
Stiller ut kunst av galleriets eigne kunstnarar. På juleutstillinga finn du alt frå måleri til glass.
Imorgon opnar Vedholmen Galleri deira kollektive juleutstilling.
Ustillinga vil vere i konstant forandring sidan du kan kjøpe «Rett - frå- Vegg».
Her finn du måleri, keramikk, grafikk, skulptur og glass laga av galleriets eigne kunstnarar.
– Det vil vere noko for dei fleste ved årets juleutstilling. Unike gåver eller kunst til utsmykking av eige heim, som like godt kan nytast ein mørk vinter som ein lys sommar, og ja som «varar» lenge, seier kunstnar og gallerist Vibeke Harild i ei pressemelding.
Vernissajen startar klokka 14. Isak Lauterer frå Kongshaug Musikkgymnas skal spele klassisk gitar.
Liste over kunstnarar:
- Keramikk: Birgit Brühl, Kjersti Olsen, Linda Lid, Norvald Hemre, Sarah Louise Reed, Livio Lilli, Kjell Johannessen, Hanne Haukom, Tanta Tuca, Peter Marron, Vibeke Harild
- Glass: Tuva Gonsholt
- Måleri: Line S. Hvoslef, Leif Nyland, Henriette Emilie Finne, Jan Erik Willgohs, Henriette Hagelien, Rita Marhaug, Bodil Friele, Lillian Presthus og John O´Neill
- Etsinger/Mezzotint: Erling Valtyrson, Ørnulf Opdahl, Lars Elling, Astrid McGarrighan, Eva Harr og Terje Risberg
- Teikning: Oddvar Torsheim og Morten Holmefjord
- Skulptur: Reinhard Haverkamp
Utstillinga varar til og med søndag 11. desember.