Lokal | 26. des. 2015

Julefylla, bortvising og mekking i narkorus

Gjestar som ikkje vil gå - og festdeltakarar som ikkje kan gå, har vore blant oppgåvene til politiet i jula.

Julefylla, bortvising og mekking i narkorus
Ei kvinne blei vist vekk frå drosjebua natt til 2. juledag. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 26. des. 2015 10:03

I tillegg til utforkøyring og promillekøyring natt til 2. juledag har politiet tatt hand om tre festdeltakarar.

Klokka 03.30 i natt fekk politiet melding om ei kvinne som ikkje ville gå frå «taxihuset».

– Om dei meiner venterommet til bussane eller om kvinna var inne i drosjebua veit eg ikkje, men då patruljen kom fram lystra ho ordre og kom seg frå staden, fortel politibetjent Sindre Hallem.

Ei anna kvinne blei vesle julaftan sendt i marsj frå ein båt i Os hamn. Eigar meinte ho hadde gjort skadeverk og politiet tok ho med til rusakutten. Rusakutten meinte ho ikkje hadde noko der å gjera og skreiv ho ut, dermed kom ho til Os igjen og politiet mått pånytt senda ho vekk frå båten.

Uønska gjestar og sovande gut

Natt til 2. juledag, klokka 01.57, blei ein ung mann funnen sovande på bakken ved Esso i Os sentrum.

Politiet fekk han på beina og det viste seg at han ikkje trengte helseassistanse. Guten, som er knappe 20 år gamal, kom seg frå staden retning heim.

På kvelden 1. juledag, så tidleg som i 19-tida, fekk politiet melding om ein mannleg gjest som ikkje ville gå frå eit selskap. Den godt vaksne mannen blei vist vekk av politiet.

Mistenkeleg aktivitet

På dagtid fredag 1. juledag, klokka 11.43, fekk politiet melding om ein varebil som køyrde ned frå Kuhnle til Tellevika, der arbeidet med Ohara pågår.

– Det viste seg å vera ein som måtte utføra noko arbeid på staden, men vi er veldig glade for at folk melder ifrå. Det hender det er tjuveri frå byggeplassar i Os, då er det til stor hjelp om folk følgjer med.

To timar seinare fekk politiet melding om ein som sto i skogen i enden av Nordmarka og skrudde på ein motorsykkel.

Sjølve mekkinga og eigarforholdet til mc-en blei funnen ok, men det blei funne mindre mengder narkotika på vedkomande. Mannen er meldt for forholdet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.