Bil i fjellveggen
Éin bil køyrde utfor på glatten i natt, ein annan blei stoppa grunna mistanke om promille.
Klokka 00.07 natt til laurdag hamna ein bil i grøfta på Hegglandsdalsvegen.
– Det var tre ungdomar i bilen, alle var uskadd, fortel Terje Magnussen, operasjonsleiar i Hordaland politiditsrikt.
Ulykka skjedde «etter Lønningdal retning Os». Airbagane var ikkje utløyst og det blei ikkje oppretta noko sak.
Temperaturen gjekk ned i natt og det var glatte vegar fleire plassar.
Med promille på Moberg
Seinare på natta, klokka 02.46, blei ein bil stoppa i Mobergsbakken.
Førar, ein mann i starten på 30-åra, er mistenkt for køyring med promille.
– Vi har oppretta sak og det er tatt beslag i førarkort, seier Magnussen.
Også julaftan, litt før midnatt, var det utforkøyring og mistanke om promillekøyring.
Dette var i Søvikåsen.
Dei to i bilen var menn på rundt 40 år.