Lokal | 24. des. 2015

Mistanke om rus etter utforkøyring

Bil hamna utfor i Søvikåsen julaftan.

Mistanke om rus etter utforkøyring
Ill. foto: KVB
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 24. des. 2015 23:50

Torsdag i 23.30-tida meldte politiet om utforkøyring i Ole Bulls veg over Søvikåsen.

«Det er ikkje meldt om personskade, men mistanke om ruskøyring» skriv operasjonssentralen i Hordaland politidistrikt på Twitter.

– Det var to personar i bilen, begge framstår som rusa, fortel operasjonsleiar Stein Rune Halleraler til Midtsiden.

Han kan førebels ikkje fortelja noko om alder eller kjønn.

Det er ein patrulje på staden og ein annan på veg.

Det er berre to dagar sidan førre utforkøyring i Søvikåsen.

Tysdag hamna ein bil på taket etter utforkøyring i den øvste av dei mange krappe svingane ned åsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.