Johnsen stiller mannssterk
Tar med seg ei ambisiøs settliste, ein rockesjef, ein ung bass-professor, ein gitarinstruktør og ein Idol-deltakar på Solsiden.
Torsdag speler det unge gitartalentet, som i vår byrja å synga, på scenen på Solsiden. Denne kvelden er det andre instrument som skal fylla pianobar-lokalet med musikk, som del av feiringa av at Solsiden har hatt pianobar i to år.
– Han stiller med nesten ein million låtar og dei fleste er nye for oss. Nokre av dei skulle også hatt både blåserekke og kor, men vi har fått justert dei til å passa til ein trio, seier trommis Kjetil Osablod Grønvigh.
– Vi har ei veke for lite å øva på, men det skal gå på eit vis, ler Kjetil, på øving i rockeklubben sine lokale i kjellaren på Oshallen.
– Lager matematikk av musikk
Trommisen Grønvigh er invitert med på spelejobben av den driftige gitaristen frå Øyane. På bass har HM Johnsen med seg musikkstudent Jone Finne Kuven.
– Eg møtte Jone på Join Us og vi har spelt saman på UKM. Jone har lært meg mykje, eg hadde ikkje vore der eg er i dag utan han.
Jone er sjølv eit ungt talent på både bass og tuba, går musikklinja på Langhaugen og er tydelegvis skarp også i andre fag.
– Om det er noko vi lurer på kvifor det er som det er kan Jone koma med fakta. Han kan nesten laga matematikk av musikk, påstår Osablod.
Stort spekter
Bandet skal spela alt frå Dire Straits og Stevie Wonder til BB Kings, Stevie Ray Vaughn og Jimi Hendrix.
– I tillegg speler eg nokre av mine eigne låtar, også nokre heilt nye, fortel Hans-Marius.
– Vi er nok utanfor komfortsonane våre både eg og Jone, men det gjer det berre meir spennande. Eg og Jone held takta på trommer og bass og passer på at ikkje Hans-Marius tar heilt av i tempo.
Fleire gjestar
I tillegg til Kjetil og Jone har Hans-Marius med seg gitarinstruktør Jonny Berven på to låtar.
Berven driv instruksjon, blant anna i regi av Os Rockeklubb, og stiller som ekstra gitarist på to låtar.
Espen Iversen er med på éi låt når han tar mikrofonen på Hendrix-låta All along the Watchtowers.
– I tillegg har vi med oss Idol-deltakaren vår, Fredrik Dahle Kristiansen. Då han blei frigjort etter semifinalen onsdag var vi raske med invitasjonen. Kva låtar han tar får bli ei overrasking til konserten torsdag, seier Johnsen.