Kultur | 08. mars 2014

Sjå, no syng han òg!

Det målretta gitartalentet såg ingen veg utanom. – Skal eg oppnå det eg vil må eg nok ta mikrofonen, seier Hans-Marius Johnsen, som debuterer på vokal i slutten av mars.

Sjå, no syng han òg!
Hans-Marius Johnsen syng for første gong i Os når han speler på Peppes Pizza med band laurdag 29. mars. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylaurdag 08. mars 2014 09:09

Hans-Marius Johnsen, som fyller 18 år i desember, gjorde sterkt inntrykk på bluesmiljøet i Os då han som 15-åring gjekk på scenen på jam under Osøren Blues & Jazzfestival.

Det blei stipend og seinare spelejobb på gitartalentet, som til no har vore stum medan han spelar.

– Eg har alltid hatt lyst til å synga, men aldri følt meg god nok. Det har blitt til at eg har sunge litt for meg sjølv, men aldri for publikum, seier 17-åringen.

Han har ambisjonar om å nå langt, og når han om cirka to år er ferdig med å sikra at han har ein plan B, når han er ferdig utdanna innan automasjon, vil han ofra alt for gitaren og søkja seg inn på Musicians Institute i Hollywood.

– Skal eg nå så langt som eg vil så må eg nok synga òg, seier Hans-Marius, som no har fått vegleiing på vokal.

– Han er målretta, modig og musikalsk

Hans-Marius er så heldig at han har ein musikalsk nabo. Same etternamn har dei òg, men trubaduren Geir Magne er ikkje ein slektning.

– Hans-Marius er eit unikt talent, det er heilt utruleg kor god han har blitt trass i sin unge alder.

– I tillegg til å vera teknisk god så har ei forståing, ein feeling, som eg trur er sjeldan, seier Geir Magne.

Han er samd i at det å vera unik på gitar ofte ikkje er nok.

– Når Hans-Marius har høge ambisjonar og skriv låtar sjølv er det ein stor fordel om han lærer seg å bruka vokal. Han er ikkje utlærd, og han kan godt bruka litt tid på å finna sin sjanger og stil, men han er uredd og musikalsk og kjem til å nå langt om han held fram med å jobba som han gjer no, trur Geir Magne.

Gassand stilte opp

Unge Johnsen fortel at han synest det har vore vanskeleg å skaffa seg eit band. Men så byrja det å lausna.

– Eg fekk plutseleg med meg nokre erfarne musikarar og det byrja med at ein av dei tok kontakt.

Ove Gassand hadde høyrd Hans-Marius spela og ringte ein kveld og sa han ville stilla opp.

– Ove på synth fekk med seg Helge Haugland på gitar og vokal og Magne Trengereid på trommer.

– Og så har eg fått med meg ein annan ungdom, Jone Finne Kuven, som er eitt år yngre enn meg og veldig talentfull. Han speler bass, men kan nærmast spela kva som helst.

– Ikkje berre blues

Den siste helga i mars speler Hans-Marius med band i Bergen og på Os, Madam Felle fredagen, Peppes om laurdagen.

– Eg har sakna dette litt etter at Osøren la ned, seier dagleg leiar Fredrik Schult.

Johnsen seier det blir både hans eigne låtar og coverlåtar, og at han og Haugland kjem til å byta på å synga.

– Det har vore ein del bluesmusikk på meg, men då eg var yngre lytta eg mest til rock.

– På Madam Felle og Peppes vil vi spela både blues, rock og soft-rock, frå Erik Clapton til Whitesnake, med nokre store dosar gitarsoloar, lover Hans-Marius.

– Sjølv kjem eg til å ha med meg minst fem gitarar, røper han.

Konserten har fri aldersgrense.

– Eg vil at alle som er glade i musikk skal ha sjansen til å koma og høyra på.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.