Interessa var konkret
Tysdag hadde dei første salsmøte, onsdag selte StorBergen Boligbyggelag nok til å vedta byggestart i Solstrandvegen.
StorBergen fortalte om heile 170 interesserte før dei i starten på april opna for å melda forkjøpsrett i det nye prosjektet i Solstrandvegen.
I går viste det seg at interessa var reell.
– I løpet av møtet tysdag og dagen i går så selte vi nok til at vi startar bygginga, seier eigedomsmeklar Kristin Stave i StorBergen Boligbyggelag.
Opnar for alle
11 av 23 leilegheiter i første trinn er selt. Det er om lag like mange som blei tatt på forkjøpsrett blant dei første 45 i Os Sjøfront.
– Det var fleire av dei dyrare husværa som blei selt, så vi har selt for over halve summen av det vi skal ha for første trinn.
Som venta er dei fleste kjøparane osingar og folk med tilknyting til Os, i alderen 50 pluss.
– No er fristen ute for å melda forkjøpsrett, så på resten av leilegheitene er det førstemann til mølla, seier Stave.
Frå 2,5 til 8,3 millionar
Storleikane varierer frå 55 til 156 kvadratmeter, prisane frå knappe 2,5 til nesten 8,3 millionar kroner.
Byggestart på dei første 23 blir i august. I neste trinn kjem yttarlegare 13 leilegheiter.
Gjeldande reguleringsplan opnar for opptil 50 husvære på tomta.