170 interesserte på liste
StorBergen opplever rekordinteresse for planlagte bustadar i Solstrandsvegen.
– Fredag passerte vi 170 som har skrive seg opp som interesserte.
– Eg kan ikkje hugsa å ha vore med på liknande mottaking, seier eigedomsmeklar i StorBergen Boligbyggelag, Kristin Stave.
Toppleiligheit til over 8 mill
I første trinn har StorBergen planlagt 36 leilegheiter i tre bygningar langs venstresida av starten på Solstrandvegen når du kjører av frå Hatvikvegen.
Det er dei første to bygningane, med til saman 23 leilegheiter som i denne omgangen blir lagt ut for sal.
– Når vi har godt nok sal til å gå i gang med bygginga av desse legg vi dei siste 13 i første trinn ut for sal.
Storleikane varierer frå 55 til 156 kvadratmeter, prisane frå knappe 2,5 til nesten 8,3 millionar kroner.
Gjeldande reguleringsplan opnar for opptil 50 husvære på tomta.
Opna for forkjøpsrett
Fredag opna StorBergen Boligbyggelag for å melda forkjøpsrett, tysdag 22. april går fristen ut.
– Det blir spennande å sjå kor mange som melder forkjøpsrett, og kor mange av desse igjen som faktisk slår til, seier eigedomsmeklar i StorBergen, Kristin Stave.
Til første Os Sjøfront var det 10-11 leilegheiter som blei tatt på forkjøpsrett. Til prosjektet Møllestranden var det 15 av 100 som meldte forkjøpsrett som faktisk brukte denne.
– Sjølv om fristen går ut rett over påske så går det nokre dagar å sortera og klargjera dette med forkjøpsrett, så det opnar nok ikkje for sal før i veke 18.
Viser nye sjøfronten
Stave fortel at også for Os Sjøfront 2 har det vore god interesse, men førebels har StorBergen berre nokre få sal og ikkje nok til å gå i gang å bygga.
– Vi har visning på tomta i dag, så vi får sjå om det kjem fleire på lista i dagane som kjem, seier Kristin Stave.
Prosjektet, som blei lagt ut for sal i september, har 37 leilegheiter i éi blokk ved Os kai.