Innrømte innbrotet
Effektiv politietterforskning gav resultat. Mann i 20-åra innrømte innbrot ved Os ungdomsskule.
Natt til måndag tok uvedkommande seg inn på Os ungdomsskule. Etterforskning på staden måndag morgon gav resultater, og ein person kunne gripast.
– Etterforskinga på staden gav spor vi kunne gå etter.
– På bakgrunn av desse greip vi måndag formiddag ein kjenning i slutten av 20-åra, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.
Ikkje funne alt tjuvegodset
I avhøyr innrømte mannen at det var han som braut seg inn på skulen.
– No har ikkje eg vore ein del av etterforskinga, men slik eg forsto det blei det tatt bort mellomanna nokre prosjektorar og pc-utstyr.
– Ikkje riktig alt utstyret har kome til rette enno, seier Hadler-Olsen.
Må melda seg på kontoret
Med tilståinga på plass, blei mannen ilagt meldeplikt for politiet.
– Det blei ikkje beden om varetektsfengsling i denne saka. I staden er mannen ilagt meldeplikt.
– Det tyder at han må møte på lensmannskontoret til fastsatte tider, om han bryt denne er vegen kort til varetektsfengsling, forklarar politiførstebetjenten.
Saka vil koma for retten så fort den blir beramma.