Lokal | 01. okt. 2013
Innbrot på skule
Os ungdomskule blei i natt utsett for innbrot.
Kari M. Lyssandtysdag 01. okt. 2013 10:24
- Innbrotet skal ha skjedd i kantina til ungdomskulen natt til tysdag, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
- Førebels har vi ikkje meir informasjon i saka.
Etter det Midtsiden kjenner til er det stole varer frå kantina på skulen.
Fann tjuvgods
Natt til tysdag ransaka politiet bustaden til ein kjenning.
- Då vi kom til staden blei det funne ulike stolne gjenstandar, fortel Sperrevik.