Ina er vidare i EM
Slovenia: Ina Grindheim er vidare til semifinale i EM i kickboxing.
Ina Grindheim frå Os, som konkurrerer for Pointfighter KBK, er på veg mot ny EM-medalje.
Ho og resten av landslaget er på plass i Maribor i Slovenia der Ina møtte tyske Sonja Becker i sin innleiande kamp.
– Dette er ein motstandar Ina har møtt før og dei har sin historikk. Sonja starta best, men med tekniske kvalitet og rutine tok Ina over, fortel landslagssjef Gjermund Nesland.
– Eg var ganske spent før kamp og eg er nøgd med at eg klarte å halda houdet kaldt og følgja planen sjølv om eg låg under fram til tredje runde, seier Ina.
4 av 6 i semifinale
Ina vann 7-4 og er no klar for semifinale i pointfighting-klassen (-65 kg). Der møter ho Madlen Dimitrova frå Bulgaria.
Noreg har 54 kickboxing-klubbar og er blant dei beste nasjonane i verda. Rundt 40 prosent av utøvarane er kvinner.
I årets EM stiller dei med 6 deltakarar, der 4 av dei no er i semifinale.
Dei tre andre som skal gå semifinale er Monica Engeset (Bergen KBK, -50 kg), Madelen Søfteland (Grimstad KBK, -65 kg lettkontakt) og Tom Erik Steinsland (Pointfighter KBK, -84 kg veteran).
Sølv i førre EM
EM og VM blir arrangert annakvart år og i desember i fjor tok Ina Grindheim sin tredje VM-bronse.
Året før klarte ho nesten å forsvara EM-tittelen frå 2010, men måtte nøya seg med sølv.
I april i år vann Ina sitt niande (!) NM-gull.