– Ikkje noko Ap-sak
NTP om Svegatjørn-Rådal: Ingrid Netland (Sp) reagerer på Skorpen sine formuleringer. – Dette er ei Senterparti-sak, seier ho.
– Dette er farsken ikkje noko Arbeiderparti-sak, det er ei Senterparti-sak, seier lokalpolitikar Ingrid Netland (Sp) etter at Lars Atle Skorpen i dag kom med lekkasje frå NTP.
– Det er vi som styrer Samferdselsdepartementet og det er vi lokalt som har kontaktane inn mot NTP.
Samtidig stadfestar ho det Skorpen sa til Midtsiden fredag morgon.
– Eg har fått telefon frå Samferdselsdepartementet i dag med gladmeldinga om at det ligg pengar til finansiering av Svegatjørn-Rådal saman med bompengar.
– Departementet gjev ros til oss i Os for god handsaming, men eg reagerer på at Skorpen prøver å gjera dette til ei Ap-sak.
Netland sin kontaktperson ville førebels ikkje seia noko om traséval for Aksdal-Bergen (bru over Bjørnafjorden).