Lokal | 12. apr. 2013

– Det blir ja til Svegatjørn-Rådal!

– Det kjem pengar til Svegatjørn-Rådal og byggestart blir så snart det er praktisk mogleg, røper Lars Atle Skorpen (Ap), tre timar før NTP blir lagt fram.

– Det blir ja til Svegatjørn-Rådal!
– NTP kjem med pengar til E39 Svegatjørn - Rådal, seier Lars Atle Skorpen (Ap) og refererer til "bombesikre" kjelder i regjeringa. (Ill. Vegvesenet, foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. apr. 2013 09:23

Fredag 12. april klokka 12 skal samferdselsminister Marit Arnstad, saman med statsminister Jens Stoltenberg og miljøvernminister Bård Vegar Solhjell, presentera stortingsmeldinga om Nasjonal transportplan 2014-2023.

I Os er det knytt store forventningar spesielt til E39 Svegatjørn-Rådal, 16 kilometer ny veg mellom Os og Bergen, eit prosjekt til 5,3 milliardar kroner.

– Prosjektet ligg i NTP med midlar til gjennomføring, seier lokalpolitikar og gruppeleiar i Os Arbeiderparti, Lars Atle Skorpen.

Han refererer til det han karakteriserer som bombesikre kjelder i regjeringa.

– Dei ser det som ein fornuftig brøk mellom bruk av statlege midlar og bompengefinasiering og går for prosjektet, seier Skorpen.

Byggestart i år?

– Dette er ein solid Ap-siger, med god hjelp frå fleire personar og institusjonar på lokalt og regionalt plan.

Osingar og andre har venta i rundt 40 år på den nye vegen. Når den er ferdig blir bilturen mellom Os og Fana på knappe 10 minutt.

– No blir det byggestart så snart det er praktisk mogleg, folk kan allereie byrja å planlegga kva dei skal ha på seg på opningsdagen om 5-6 år.

Folk kan truleg også byrja å bestilla stein, prosjektet sit med 2,4 millionar kubikk med steinmassar i overskot.

Ferdig i 2018

Fakta om E39 Svegatjørn – Rådal:
Lengde: 15.410 meter ny E39 (13 km i tunnel)
Omfang: Total 17.240 meter hovudveg, 1.300 meter ny fylkesveg med gang og sykkelveg
Totalkostnad: 5,3 milliardar (4,2 mrd kr prisnivå 2010)
Forventa anleggstart: 2013
Forventa opning: 2018

Les òg: Faktaside om prosjektet på vegvesen.no

Meir spenning knytt til NTP

Midtsiden kjem tilbake med meit om NTP og prosjektet E39 Svegatjørn - Rådal.

Fleire osingar og andre hordalendingar er nok også spente på kva NTP seier om E39 Aksdal - Bergen, og val av trasé mellom Stord og Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.