– Ikkje ei offentleg anskaffing
..men offentleg til offentleg samarbeid, meiner kommuneadvokaten om at Os kommune no vil samarbeida med Bergen Vann på vann- og avlaupstenestene.
Då kommunestyret handsama spørsmålet om å gå i dialog med Bergen Vann for å få meir solide tenester innan vann- og avlaupsområdet i kommunen kom det fram at mellomanna Maskinentreprenørenes forbund (MEF) hadde stilt spørsmål om det var rett.
"MEF har gjort undersøkingar der det kjem fram at Bergen Vann KF tek oppdrag utanfor eigen kommune i den opne marknaden, noko som blir bekrefta med ekstern omsetning i årsrapport for Bergen Vann KF."
"MEF er av den klare formeining at Bergen Vann KF er vurdert til og vere ein konkurranse aktør i marknaden og soleis ikkje ein offentleg myndigheit. MEF konstaterer ytterligare at Os Kommune er underlagt offentlege anskaffingar med tilhøyrande forskrifter.", skriv mellomanna regionsjef Paul Olaf Baraas i sitt brev til kommunen.
Fekk kommuneadvokaten til å sjekka
Ordførar Terje Søviknes (Frp) fortalde i innleiinga til diskusjonane at dei hadde fått sjekka påstandane frå MEF med kommuneadvokaten.
– Deira vurdering er at så lenge det er snakk om eit samarbeid og eit offentleg til offentleg anliggande, så er det unnteken anskaffelsesregulativet.
– Må ta rekrutteringsproblemet innover oss
I formannskapet argumenterte Lars Atle Skorpen (Ap) med at det var passivt og fantasilaust å ikkje ta større tak i dei rekrutteringsutfordringane som administrasjonen i sakspapira skisserte.
– Vi har gått runder internt og drøfta det med opposisjonen, men etter handsaminga i formannskapet førre veke så ser vi at vi må ta inn over oss det administrasjonen peiker på i høve rekrutteringa. Vi må finna ei løysing på driftinga av tenesten.
– Difor støttar vi opp om å inngå forhandlingar med Bergen Vann, men vil at avtalen skal leggast fram til politisk handsaming, argumenterte Eirik Neverdal (TvS).
Redd lokalkunnskapen forsvinn
Olav Søfteland (Ap) held fast på Skorpen sitt framlegg frå formannskapet om at kommunen sjølv skal drifta tenestene.
– Vi vil ikkje heilt avvisa rådmannen sine argument, men meiner med dei viktige oppgåvene som står foran oss så er det viktig at Os kommune har styringa og driften.
– Samstundes er det alltid viktig med lokalkunnskap. Den lokalkunnskapen vi har i organisasjonen i dag er vi redd forsvinn om dei går over til Bergen Vann.
– Framlegget om at det skal opp til ny vurdering om 5 til 7 år sår berre tvil. Det er lettare å riva ned enn å byggja opp. Difor bør vi satsa på å rekruttera og få opp kompetansen i eigen organisasjon i staden, argumenterte Søfteland, noko Marie Bruarøy (H) var heilt ueinig i.
– Vi meiner vi absolutt ikkje byggjer ned kompetansen, men søkjer støtte hos storebror og kjøper den kompetansen vi ikkje klarar å byggje opp sjølv.
– Vi veit at det er få som utdannar seg til denne bransjen, difor er dette det rette å gjera, hevda Bruarøy.
Mot Ap sine 7 stemmer gjekk kommunestyret inn for å gå i dialog med Bergen Vann, men den framforhandla avtalen skal godkjennast av formannskapet.