Lokal | 07. juni 2013

– Passivt og fantasilaust

Administrasjonen vil ha hjelp av Bergen Vann KF til drift og vedlikehald på VA-området. – Fantasilaust, vi må kunne tenkje utradisjonelt i høve avlønning, meinte Lars Atle Skorpen (AP).

– Passivt og fantasilaust
Lars Atle Skorpen og arbeiderpartiet vil gjerne bli lønsleiande innan vass- og avlaupsområdet (Foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 07. juni 2013 15:18

"Vatn- og avløpstenestene i Os kommune har krevjande utfordingar fordi kvalitetskrava frå offentlige myndigheiter stadig aukar. Ein aukande befolkning vil og forlange like god kvalitet på VA-tenestene framover som vi har pr. i dag. Når vi kombinerer disse krava med aukande problem med å finne kvalifisert arbeidskraft ser vi at vi har et potensielt problem."

Slik argumenterar rådmannen i saka kor han ber politikarane om fullmakt til å ta kontakt med Bergen Vann KF med formål å inngå eit formelt samarbeid innan drift og vedlikehald på VA-området.

– Eg er mot vedtaket, mest av alt på prinsippnivå.

– Ei kommune på vår størrelse må ha større ambisjonar enn som så. Kva tiltak som må treffast for å skaffa den kompetansen vi treng i Os kommune finnst det løysingar på.

– Vi må kanskje tenkje utradisjonelt i høve avlønning, opna Lars Atle Skorpen (Ap) diskusjonane med då formannskapet handsama saka onsdag.

Har jobba for mykje

Rådmann Knut Terje Rekve forklarte at den kommunale organsiasjonen innan området er liten og sårbar, og at det er difor ein vil retta seg til Bergen Vann som har ein meir robust størrelse.

– Når vi har hatt enkeltepisodar i dag, så har vi hatt medarbeidarar som har jobba for mykje i periodar, fordi vi er så få.

Flinke, men få

Han blei supplert av Marianne Kramer, leiar for teknisk drift i kommunen.

– Krava frå mattilsynet og øvrige mynde blir stadig strengare. Om vi samarbeider med Bergen Vann får vi ein større grad av profesjonalitet og kjem krava i møte. Mellomanna er dei ISO-sertifisert.

– Samstundes må eg få presisera at dei som jobbar med VA i dag gjer ein utruleg god jobb, men vi er litt for få.

– Kompetansen innan området er ei mangelvare i heile Noreg, og vi slit med å rekruttera. Då vi lyste ut stillinga som VA-leiar fekk vi ikkje kvalifiserte søkarar.

Over halvparten forsvinn

Administrasjonen ser for seg ei to-deling av området kor Bergen Vann tek seg av drift og vedlikehald, og kommunen sine eigne folk tek seg av utbygging, rehabilitering og forvaltning. Lekkasjeprosenten i hovudvassforsyninga var i 2012 på omlag 56%!

– Prosentandelen på vatn som forsvinn aukar kvar gong vi ser på det.

– Difor er det viktig at vi får ein organsiasjon som smidig og effektivt kan ta tak i problema, forklarte rådmannen.

Må sjå over grensene

Ordførar Terje Søviknes (Frp) støtta rådmannen i at ein burde sjå på eit samarbeid med Bergen.

– Når ein står i ein slik utfordrande situasjon er gjerne løysinga å sjå over kommunegrensene til nokon som er større og betre rigga enn vi sjølv er.

– Vi har ikkje mykje erfaring frå det tidlegare, men her opplever vi at vi er litt for små. Difor tenkjer eg at det er heilt greitt å gje administrasjonen denne fullmakten, argumenterte Søviknes.

Meir løn og betre vilkår

Lars Atle Skorpen meiner den tilnærminga er alt for passiv og fantasilaus og at noko av kjernen i å driva kommunale verksemd er desse tenestene.

– For meg kan vi gjerne bli lønnsleiande på desse områda.

– Å inngå eit samarbeid, blir gjerne permanent og starta ei forvitring av eige fagmiljø.

– Om Bergen Vann har den kompetansen vi treng, så kan det vera at dei lar seg frista om det er fagleg og lønsmessig å jobba i Os. Eg tykkjer difor vi skal gå ei runde til.

– Dette skal vi klara berre vi er spreke nok på vilkåra, meinte Skorpen.

Fyr i tørt gras

Det er rådmann Knut Terje Rekve ueinig i.

– Det blir ei kjempeutfordring om vi tek ein bit av kommuneorganisasjonen og auker lønsnivået der.

– Det blir som å setja fyr i tørt gras i høve dei andre område, åtvara Rekve.

Skorpen fremja likevel framlegg om at Os kommune skal driva tenesten sjølv og at fagleg kompetanse skal rekrutterast i marknadet til marknadsmessige vilkår. Dette fekk han berre støtte frå Ap og TvS sine representantar i formannskapet.

I staden gjekk fleirtalet (Frp, H, V) inn for administrasjonen sitt framlegg, men med eit tillegg om at ein innan 5-7 år vurderar om ein skal ha eigen driftsorganisasjon innan VA-området.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.