Ikkje avklart
Kvar 1. klassingane skal starta skulekvardagen sin neste haust er framleis i det blå.
Antal elevar i grunnskulen i Os auka frå skulestart 2012 til skulestart 2013 med 46 elevar, tilsvarande to klasser. Administrasjonen melde allereie i vår at dei måtte sjå på skulegrensen og kva skule elevane skulle byrja på hausten 2014 i samband med at den nye ungdomsskulen på Nore Neset skal stå ferdig, og Søfteland skule vil få ledig kapasitet.
Les òg: Buss eller brakke
I Tenesteutvalet onsdag undra Anders Hjelle (TvS) på status i saka.
– Kor langt i prosessen er kommunen komen og vil teneste utvalet få saka til ei grundig drøfting, undra Hjelle.
Må finna langsiktig løysing
Utvalsleiar, Eirik André Hesthamar (Frp) fortalde at orienteringa om skulestruktur, kostnader og ei utvida analyse av konsekvensane skal bli lagt fram for politikarane i samband med budsjettkonferansen på Kokstad 5. og 6. november.
– Vi må finna bærekraftige løysinger som held seg over år.
– Etter at saka har blitt presentert på budsjettkonferansen vil vi få den til handsaming 27. november, fortalde Hesthamar.
Kan kosta mykje
Kommunalsjef Ingvar Torsvik fortalde at administrasjonen hadde vald denne løysinga for å sikra ein god prosess.
– Når vi har jobba med dette, så har vi sett at det vil få meir enn berre praktiske konsekvensar.
– Nokre av løysingane vil kunne få store økonomiske konsekvenser både på drift og i høve til investeringar, forklarte kommunaldirektøren.