Buss eller brakke
Skal førsteklassingar bussast til Søfteland eller skal kommunen bygga midlertidige brakker på Os og Kuventræ for å få plass til den aukande mengda elevar?
Elevtalet i skulane i Os har vakse og veks formidabelt i åra som kjem. Fleire av skulene er sprengde og kommunen må finna ei løysing for å få plass til alle ungane.
– Frå 2010 til 2012 vaks talet på elevar i barneskulen med 110, det tilsvarar om lag fire og ein halv klasse.
– Talet kjem til å auka med 40 til 50 elevar til hausten og endå meir når 2008-kullet skal starta på skulen om vel eit år, forklarte skulefagleg rådgjevar Ann-Kristin Bolstad.
To løysingar
I sak til tenesteutvalet hadde administrasjonen skissert to løysingar.
– Vi kan anten kjøra elevane med buss til ein skule som ikkje er den geografisk nærmaste, eller setja opp midlertidige skulebygg på eksisterande skular.
– Dette må de som politikarar og foreldre/folk ellers i bygda meina noko om. Det einaste eg kan lova er at ikkje alle vil bli til lags, innleia kommunalsjef Ingvar Torsvik debatten.
Torsvik håpte på ein konstruktiv debatt om korleis å løysa utfordringa både på kort og litt lengre sikt. Frå hausten 2014 vil både Søfteland og Nore Neset bli reine barneskular med noko betre kapasitet enn i dag.
Vil ha brakker
Anders Hjelle (TVS) var klar i sine val.
– Vi må ta inn over oss at vi er ein vekstkommune og allereie no starta planlegging av ein ny skule austom elva.
– Eg finn det heilt feil å bussa elevane forbi både ein og to skular for å koma til den tredje. Difor gjer eg framlegg om at ein bør sjå på moglegheiten for å setja opp midlertidige bygg på Røde Kors-tomta ved Os barneskule og på Kuventræ.
– Har sagt vi skal ha nærskular
Hjelle presenterte òg tankar for korleis opptaksområda til skulane kunne bli ved å bruka midlertidige bygg slik at ein ikkje treng bussa elevane så langt.
– I skulebruksplanen fortel vi kor viktig det er med nærskulen og at elevane er i fysisk aktivitet, mellom anna ved å gå til skulen.
– Då kan dei ikkje ha ein skuleveg på 15 kilometer, sa Hjelle.
Når først i buss
Administrasjonen har i si planlegging tenkt annleis og tatt utgangspunkt i kor det er kapasitet.
– Vi har tenkt at når elevar først skal bussast, så speler det mindre rolle om dei sit på bussen i fire minutt eller elleve minutt.
– Vi har ikkje hatt fokus på at dei bussast forbi ein eller to skular. Det har nok større konsekvensar for foreldra enn for ungane, meinte Torsvik.
Vil vera lojal
Eirik André Hesthamar (Frp) var ikkje samd med Hjelle i at ein skulle starta planlegging av ein ny skule allereie no.
– Vi vil vera lojale mot dei vedtak som er fatta i kommunestyret, helse- og sosial skal prioriterast i forhold utbyggingar når skulebruksplanen er sluttført.
– Då kan vi ikkje starta bygging av endå ein ny skule likevel, hevda Hesthamar.
– Økonomisk har ikkje kommunen råd til å gå med ein overkapasitet på skulane. Difor må vi i staden justera skulegrensene best mogleg for å utnytta den kapasiteten vi har, sa Hesthamar.
Uteområde ei utfordring
Ei utfording med å setja opp midlertidige brakker kan vera krava om uteområde på skulene.
– Eg har prøvd å få ei avklaring frå Utdanningsdirektoratet på kva vi kan få lov til.
- Eg seier ikkje det er umogleg, men vi må få det avklart først, avslutta Knut Vidar Garlid frå skulekontoret.