Ibiza neste år?
Lennart oppsummerer Modball 2013: 180 bilar, 6 dagar, 12 land, 7823 kilometer, 160 bøter - og ein liten, men dyr tabbe.
Osingen Lennart Eide deltok i førre veke i Modball Rally 2013 med sin BMW Z4 og kameraten Martin Dale som sidemann.
Les òg: Osingar klare for Modball
Eit par dagar etter start fortalte Lennart og Martin om ein fin tur frå London til Amsterdam og vidare til Luxembourg.
SJÅ VIDEO FRÅ STARTEN NEDST I ARTIKKELEN
Vidare gjekk Modball til Zürich, Milano, Venezia, Wien og Bratislava før målgang og fest i Praha fredag.
– Vi svingte innom Nürburgring i Tyskland laurdag på veg heim. Til saman har vi kjørt 7.823 kilometer, seier Lennart, som stupte rett til køys då han kom heim til Os søndag ettermiddag.
Bøter, beslag og kollisjon
Om turen gjekk knirkefritt for osingane sin del, var det andre som fekk litt å slita med.
– Vi fekk ei bot då vi blei stoppa av politiet i Sveits for kontroll. Vi mangla klistremerke som viste at vi hadde betalt road tax og måtte ut med 120 euro.
– Men andre fekk det verre. Det blei rekord i samla mengde fartsbøter - her blei det til saman 160 stykker.
– Ein franskmann kom ikkje så langt, det blei tatt beslag i porschen hans allereie på dag to.
Andre som kom langt, men som fekk noko å angra på, var han som kom sladdande inn på parkeringsplassen i ein Audi R8 for så å rygga inn i ein parkert BMW 7-serie.
Her kan du sjå video av tabben!
Nydeleg i Venezia
Eide fortel også om andre episodar, som då fleire av deltakarane blei stoppa mellom Milano og Venezia.
– Han i den dyraste bilen, ein lamborghini, ropte til politiet at han ikkje hadde råd til bot. Politiet kunne roa han med at det berre var eit rutinestopp og bad oss ta det "piano" gjennom byen.
– Venezia var ein nydeleg plass og vi budde på eit flott hotell med basseng på taket. Det finaste var båtturen frå gamlebyen i dei smale "gatene" med bruer så lave at vi måtte dukka for ikkje å dunka hovudet.
Kjøpte bil for 20 kroner
Frå Venezia gjekk turen til Wien, Bratislava og målgang i Praha.
– Festen på Club Sazasu var fantastisk. Dei hadde blant anna tatt inn to skitne bilar, ein Lamborghini og ein Aston Martin, på dansegolvet. To Modball-jenter vaska bilane, og ein fyr i Borat-drakt hjelpte til, ler Lennart.
På festen var det også kåringer og hovudprisen (Spirit of the Modball) gjekk til Swedish Snus Mafia for å selja bilen sin til ein av dei norske deltakarane for den nette sum av 20 norske kroner.
– Bilen kom aldri lengre enn til Milano, for bremsane svikta. I tillegg var det visst ein del ubetalte bøter registrert på bilen, så den nye eigaren var SVÆRT nøgd.
Tok hintet
Etter avslutting i Praha reiste Lennart og Martin til motorsportbanen Nürburgring i Tyskland.
– Målet var å få prøva Z4-en på banen, men det var løp, så det gjekk ikkje.
– Men vi fekk prøvekjøra ein ny McLaren MP4-12c Spider, ein bil med 3,8l twinturbo V8 på 600hk, som går frå 0 til 100 km/t på 3,1 sekund. Det var RÅTT!
Lennart og Martin prøvde også eit bilspel på anlegget, på ein miniatyrmodell av banen.
– Etter 52 rundar kom ein far saman med to gutar bort og lurte på kor tid vi var ferdige. Vi tok hintet og avslutta konkurransen, der eg hadde flest rundar, men Martin beste rundetid.
Lennart fortel at dei fekk mykje skryt for designet på bilen og takkar Loops i Os for hjelpa.
– No skal dekoren dessverre av, men kanskje vi må på med noko nytt neste år. Då går Modball frå London til Ibiza, seier Lennart med eit smil.
VIDEO: Sjå 10 minutt frå starten i London.