Lokal | 18. juni 2013

Osingar klare for Modball

Laurdag startar årets Modball i London. På 6 dagar skal Lennart Eide og Martin Dale innom 12 land, i kortesje med fleire stilige bilar.

Osingar klare for Modball
Lennart Eide (t.h.) og kameraten Martin Dale skal kjøra innom 12 land på 6 dagar i Modball 2013, som startar laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 18. juni 2013 13:54

Bildeserie:

I dag var det filmshoot på Os kai.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I dag var det filmshoot på Os kai. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Litt lengre bak ...  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
– Litt lengre bak ... (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bilen er nettopp ferdig dekorert.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Bilen er nettopp ferdig dekorert. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Med namn og nasjon på sida.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Med namn og nasjon på sida. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sponsorlogoar må til når du skal kjøra race.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sponsorlogoar må til når du skal kjøra race. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ikkje så verst bagasjeplass.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Ikkje så verst bagasjeplass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her skal Lennart og Martin sitja i mange dagar på rad.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Her skal Lennart og Martin sitja i mange dagar på rad. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Du kan følgja løpet på instagram.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Du kan følgja løpet på instagram. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Maskoten er på plass.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Maskoten er på plass. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lennart sin BMW Z4 har 265 hestekrefter.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Lennart sin BMW Z4 har 265 hestekrefter. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei lokale bedriftene Studio Loops og Varde Film og Media, er med på laget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei lokale bedriftene Studio Loops og Varde Film og Media, er med på laget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 11

– Modball er ein folkeleg versjon av Gumball, seier Lennart Eide (22).

Torsdag kjører han mot Kristiansand og vidare til Danmark og London for å delta i Modball 2013, som startar laurdag.

– Den største forskjellen er vel startkontingenten, som ligg på rundt 300.000 kroner om du vil delta i Gumball, mot rundt 12.000, inkludert seks overnattingar, i Modball.

180 bilar innom 12 land

Etter velkomstfest fredag startar Modball i London laurdag 22. juni.

Turen går vidare gjennom 12 land, med pitstop i 8 byar etter avreise frå London; Amsterdam – Luxembourg – Zürich – Milano – Venezia – Wien – Bratislava – Praha.

– På stoppestadane blir det som ei lita bilmesse, der alle dei 180 påmeldte bilane står utstilt. I tillegg blir det ein del fellesmiddagar og festar, seier Eide.

Det var ein kollega av han som fekk han på tanken å melda seg på. Han var nemleg med i første Modball i 2007.

265 hestekrefter

Sjølv kjører Lennart ein BMW Z4 Coupé med 265 hestekrefter. Eide har eigd bilen, som er ein 2007-modell, i 2 år.

– Eg har nok verken den største eller minste motoren i løpet, det er alt frå Ferrari til veteranbilar med i løpet.

– Dessutan er det ikkje kappkjøring, det er berre ein tur med sjekkpunkt og show.

Lagde filmsnutt på Os kai

I dag kom dei siste klistremerkene på bilen, som no er heilfoliert med sponsorreklame.

– Du må ha ein del merke på bilen for å delta, sponsorar til løpet og eigne sponsorar, seier Eide, som har fått sponsa blant anna nye bremser og sjølve dekoren.

På Os kai var det film- og photoshoot midt på dagen i dag, noko som tiltrekte seg litt merksemd frå unge og gamle på veg til og frå Oseana og Vikjo.

Fleire frå Noreg

Med seg som "kartlesar" har Lennart kameraten Martin Dale, som han gjekk på ungdomsskule med.

– Han brukte ikkje lang tid på å takka ja, ler Lennart.

– Eg var ein av dei første norske som meldte seg på, men no har det kome fleire. Vi skal reisa saman med to andre bilar frå Bergen, ein BMW 330 og ein Audi A5.

– Og så skal vi møta éin frå Stavanger i Kristiansand og nokre kjørarar frå Oslo når vi kjem til Danmark. Så kjører vi vidare den litt harde etappen mot ferja over til England, seier Lennart og Martin.

Sjå video frå Modball 2012 på YouTube.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.