Fritid | 08. jan. 2024

I kveld blir det lys på isen

Os Røde Kors hjelpekorps stiller med søyle igjen.

I kveld blir det lys på isen
I 2021 var første gong Røde Kors kasta lys over Banktjørn. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 08. jan. 2024 10:26

I helga fekk fleire vatn i låglandet, for første gong på tre år, farbar is.

Søndag kveld skreiv Os Røde Kors hjelpekorps at dei vil lysa opp Banktjørn måndag kveld.

– Det blir to timar, frå 18.30 til 20.30, fortel leiar for hjelpekorpset, Lena Bekken.

– Det er ikkje så ofte vi har så gode skøyteforhold, men det blir tidleg mørkt, så vi tenkte vi kunne bidra til at folk kunne kosa seg på isen litt lengre. Kanskje kjennest det òg tryggare når det er litt lyst.

Årsaka til at hjelpekorpset engasjerer seg, er at dei har utstyr til det. Os Røde Kors har nemleg ei rundt 5 meter høg pølse med katastrofebelysing som del av utstyrsparken sin.

– Den kan brukast på ulike oppdrag, for eksempel søk etter snøskred. For vår del er det praktisk og nyttig å testa utstyret av og til, både for dei som har vore med i mange år, og dei som er nye.

– At testen våre kan gleda andre er berre kjekt, seier Bekken.

Medlemmar av hjelpekorpset kan melda seg på til aktivitetetn.

– Så langt har vi sju som deltar.

– Skal Røde Kors òg ha kiosk og selja kakao?

– He, he! Nei. Vi har med oss litt utstyr, i tilfelle nokon ramlar og slår seg. Men termosen må dei ta med seg sjølv.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.