Røde Kors redda skøytekvelden
– Vi var på dårleg is, i mørket på Ulvenvatnet, då vi fekk høyra om lyssøyla.
Laurdag i 15-tida fortalte Os Røde Kors at dei ville setja lys på skøyteisen på Banktjørn utover ettermiddagen.
– Vi har ei lyssøyle meint for bergingsaksjonar, som skredsøk, og den har godt av å lufta seg litt, og det er berre kjekt om den kan vera med å å forlenga skøytekvelden no før mildvêret kjem, sa operativ leiar for hjelpekorpset, Frank Baggen.
Lyset blei plassert ut i 16-tida, og var eit tiltak fleire fekk med seg og gledde seg over.
Kameratgjengen Lasse Heimdal Haugland, Emil Lyssand og Linus Fløysand var raske med å koma seg ned til Banktjørn.
– Vi var på Ulvenvatnet, men der var det dårleg is, ingen folk og ganske mørkt. Så fekk vi høyra om at det kom lys her, fortel Emil mens dei tre tok på seg skøytene.
For andre blei det nesten eit ork å høyra om ORK (Os Røde Kors) sitt tiltak.
– Vi hadde akkurat kome heim og sett oss ned etter ein lang og fin dag på ski på Bygdastølen. Så såg vi at det kom lys på Banktjørn, og då var det berre til å koma seg ut igjen, dette måtte vi ha med oss, seier Siw Svendal og ler.
Saman med dottera Åshild Svendal Os blei det nok ein tur ut for å gli, denne gong på stål.
Gjengen frå Røde Kors, som frå før hadde hatt ein lang dag på skirenn på golfbanen, blei ståande til klokka 19 før dei pakka ned lyset og tok kveld.