I fakkeltog for skulane
Kommunalt foreldreutval inviterer til fakkeltog mot det dei opplever som reelle kutt i skulebudsjettet.
– Må vi òg i fakkeltog? undra foreldre i Os-skulane allereie i mars 2011, då det kom fram at skulebudsjettet for 2011 i realiteten hadde gått ned frå omlag 74.000 kroner per elev i august 2010 til 68.000 kroner i januar 2011.
Bakgrunnen for utspelet var fakkeltoget foreldre og tilsette i dei private barnehagane gjekk i for å sikra likehandsaming av kommunale og private barehagar.
Allereie då var det foreldre som var uroa over skulebudsjetta og såg på det som ei krise.
I realiteten kutt
No, halvanna år seinare, mottek Kommunalt foreldreutval fleire bekymingsmeldingar frå foreldre som er uroa over skulebudsjetta og det dei meiner er reelle kutt.
– Os kommune løyver mindre pengar per elev enn både gjennomsnittleg i Hordaland og på nasjonalt nivå.
– Resultata er markant lågare i Os kommune både på dei nasjonale prøvene og etter fullført grunnskuleopplæring.
– I det framlagte budsjettet for 2014 legg rådmannen opp til at budsjetta ved Osskulane skal liggje på det samme, eller helst gå noko ned, samstundes som elevtallet i Os kommune går kraftig opp. Dette gjev færre kroner per elev!
– Altså eit indirekte budsjettkutt, påpeikar leiar i det kommunale foreldreutvalet (KFU), Veronica Wilhelmsen.
– Skulane må prioriterast
KFU meiner statistikken syner at læringsresultata heng saman med økonomien.
– Ein får ikkje noko betre læringsresulatat ved å ved å gje mindre pengar til skulen!
– Det er også grenser for kor mykje lærarane klarar å effektivisera undervisinga utan at det går utover læringsmiljøet til ungane våre. Dette ønskjer vi å setja på dagsorden.
– Skulane i Os må prioriterast, tordnar Wilhelmsen.
KFU arrangerar difor eit fakkeltok som markering torsdag førstkommande klokka 18 i Os sentrum.
– Vi startar ved handikap-parkeringa ved NAV.
– Grunna dårleg økonomi i KFU må vi ta 30 kroner for kvar fakkel. VI oppmodar alle til å ta med seg myntar til dette, avsluttar KFU-leiaren.