Lokal | 17. mars 2011

- Må vi òg i fakkeltog?

Skulane har fått same driftsbudsjett i 2011 som dei hadde i fjor, men lønsauke og auka elevtal gjer at dei manglar til saman 14,2 millionar samlikna med fjoråret.

- Må vi òg i fakkeltog?
Andris Hamretorsdag 17. mars 2011 10:20

I realiteten går difor pengane skulane får per elev ned frå 74.000 kroner i august 2010 til 68.000 kroner i januar 2011.

- No er det krise i skulen. Det spørs om ikkje vi òg må gå i fakkeltog for meir pengar, er reaksjonen frå foreldrekontaktar som kontakta Midtsiden då skulebudsjettet blei kjend i førre veke.

På tenesteutvalet onsdag fekk oppvekstsjef Ingvar Torsvik spørsmål om stoda i skulane.

- Det er heilt klart at vi har ei utfordring i høve til økonomien, var svaret frå Torsvik.

Skulane kutta i 2010 tilsaman 12,45 lærarårsverk, likevel kom oppvekst og kultur ut med eit meirforbruk i høve til budsjettet på vel 13 millionar.

- Dei som jobbar med born og unge i kommunen gjer ein fantastisk jobb og viser ein enorm stå-påvilje, men det er begrensa kor lenge vi kan strupa tenestetilbodet på den måten vi gjer, åtvara Torsvik.

Mindre pengar, same resultat

Dei sokalla KOSTRA-tala (Kommune-Stat-Rapportering som skal sørge for relevant styringsinformasjon om kommunal verksemd, måla ressursinnsats, prioriteringar og måloppnåelse i kommunane).

15. mars kom tala for 2010. Os kommune brukte 78.757 kroner per elev i netto driftsutgifter til grunnskulesektoren. Til samanlikning brukte kommunane i kommunegruppe 7 (sammenlignbare kommunar) i snitt 81.906, medan kommunane i Hordaland brukte 87.479.

Ei kommune politikarane i Os likar å sjå til – Fjell, brukte til samanlikning 90.610 kroner per elev i 2010.

- Det er ikkje tvil om at Fjell brukar meir per elev enn det vi gjer i Os, slo oppvekstsjefen fast.

- Samstundes er det interessant å sjå på dei gjennomsnittlege grunnskulepoenga kor resultata i skulen (prøvar, eksamen m.v.) er målt opp mot pengane som er brukt. Både Os og Fjell skårar 40,7, fortalte Torsvik.

Skal ha ein god skule

Torsvik slo fast i møtet med tenesteutvalet at Os kommune har, og skal ha, ein god skule.

- Det er ein kolossal vilje til å levera, til å få det til ute på skulane.

- Til tross for at ressursane på området har gått ned, har det skjedd mykje i skulane som er veldig gledelig, og det er ein tru på at vi skal få det til.

- Men om vi hadde tatt meir frå skulane hadde vi tatt motet frå dei, åtvara oppvekstsjefen med referanse til dei kutta skulane har vore gjennom.

Manglar 34,5 millionar

Tysdag til veka skal formannskapet handsama rekneskapsrapport for januar 2011. Om vi held oss til oppvekst og kuturområdet er det ikkje tvil om at det ligg ei utfordring for dei folkevalte politikarane. Dei gode ønskjene må vika for ei beinhard prioritering.

Totalt meldar området for oppvekst og kultur ein manko på 34,5 millionar kroner på skule, barnehage og barnevern som følge av mellomanna auka antall ungar og tidlegare politiske vedtak (auka tilskot til private barnehagar), pluss meirforbruket på 13 millionar frå 2010.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.