I dag kan Sverre koma på pallen
Landslagstrenar Jarle Pedersen har målet klart: Sverre Lunde Pedersen og Håvard Bøkko på pallen i Allround-VM på Hamar.
Den første dagen av skeise-VM på Hamar gav dei norske utøverane eit godt utgangspunkt før 1500 og 10.000 meter sundag.
Les óg: Starta med årsbeste
- Om Håvard slår Sven Kramer med eit halvt sekund på 1500 meteren får vi Håvard og Sverre i siste par på 10.000 meter, forklarte Jarle Pedersen til Midtsiden laurdag kveld.
- Då kan vi køyre som vi gjorde i EM, seier Sverre Lunde Pedersen, som vil freiste å halde det høge tempoet lengre enn i europameisterskapet.
Passiv start
Sverre Lunde Pedersen gjekk inn til 4. plass på 5000 meter med tida 6.20.06.
- Han var litt passiv på dei to første rundene og lot Bart Swings ta føringa.
- Etterkvart pressa han rundene ned i 29-runder og gjekk eit godt løp. Siste runda var det nok ikkje meir å hente, forklarar landslagstrenaren.
- Eg lot nok han få ryggen min på veklingssida eit par gonger for mykje, men det er ein lærdom eg får ta med meg, skyt Sverre inn.
Sverre var berre eit sekund unna sølv på 5000 meteren og gjekk sin nest beste 500 meter nokonsinne.
Mat, sykkel og kvile
Etter ein hard 5000 meter gjeld det å restituera best mogleg for Sverre Lunde Pedersen.
- Korleis er planen for å gjera Sverre klar for løpa i morgon?
- No gjeld det å få næring, deretter å sykla ut 5000 meteren av beina, få massasje, meir mat og ei god natt søvn.
- Vi har gode rutiner på det, men det gjeld å gjera det rette ned til kvar minste detalj, forklarar far Jarle Pedersen.
Har tru på to medaljar
Jarle Pedersen har planen klar før sundagens løp. Nemleg å behalde dei to medaljeplassane Håvard Bøkko og Sverre Lunde Pedersen ligg på etter laurdagens løp.
- Sven var sterk på 5000 meter, men vi har eit mål om to nordmenn på pallen.
- Bak Kramer er det tett, dei tøffaste utfordrerane blir nok Ivan Skobrev, Bart Swings, Zbigniew Bródka og Koen Verweij, trur landslagstrenaren som gler seg til resten av VM.
1500 meteren startar omlag kl 14.13. Sverre går i nest siste par (det 11.) mot Ivan Skobrev frå Russland. I det tolvte og siste paret går Håvard Bøkko og Sven Kramer.