Starta med årsbeste
Taket løfta seg då Sverre Lunde Pedersen skulle gå. Han svarte med årsbeste på 500 meter med tida 36,66.
Forventingspresset har vore stort på Sverre Lunde Pedersen foran årets allround-VM på skeiser.
Mindre blei det ikkje då ungguten entra isen i Vikingskipet laurdag. Jubelen sto i taket. Sverre var heilt klart den av utøverane som mottok høgst juble då namnet blei ropt opp.
Sjølv storfavoritt Sven Kramer frå Nederland måtte sjå seg slått av osingen, når det kom til støtta frå publikum.
- Eg blei berre gira av bråket, fortel Sverre i mixed-zone etter løpet.
Aldri vore høgre
Sjuandeplassen som Lunde Pedersen gjekk inn til etter 500 meteren er den beste plasseringa han har hatt på opningsdistansa i eit meisterskap.
- Av dei norske er det kanskje han som har grunn til å vera mest nøgd, meinte landslagstrenar Jarle Pedersen.
- Han gjekk sin nest raskaste 500 meter nokonsinne.
Håvard Bøkko gjekk inn til 2. plass etter 500 meteren med tida 36,01, to tidel bak parkamerat Zbigniew Bródka frå Polen som leiar meisterskapet etter den første distansa.
Storfavoritt Sven Kramer ligg på 9. plass etter 500 meteren, som tilliks med Sverre er sterkast på dei lengre distansane.