I dag kan han rykka opp igjen
Lysekloster-kaptein Baste Jonassen ser fram til siste heimekamp, ein kamp som kan bli avgjerande.
I 2009 sat den gong 17 år gamle Baste på benken då Os slo Austevoll og rykte opp til 2. divisjon.
– Eg spelte på eit 7-arlag i Lysekloster då eg vaks opp, før eg gjekk til Os. Pappa var trenaren vår. Han var veldig opptatt av at alle skulle få spela og vi var ikkje noko gode, seier han som no skal leia lagkameratane opp ein divisjon.
I 2011 returnerte han til moderklubben, som var i 5. divisjon, og rykte opp til 4. og 3. divisjon to år på rad.
– Sjølv om eg ikkje spelte så mykje for Os i opprykkssesongen eller i 2. divisjon så var det utruleg kjekt å oppleva opprykket i 2009. Den gong var Christer (Bergesen Olsen) helten som avgjorde, no kan vi rykka opp saman på banen.
Lysekloster rykte opp frå 7. til 3. divisjon på fire år, Baste var med på dei to siste. Då dei slo Brann 3 og rykte opp til 3. divisjon var TV2 også på plass.
– Satsinga til har hatt mykje å seia for mange i Lysefjorden. Anlegget har blitt ein samlingsplass også for folk som ikkje er interessert i fotball. Då vi rykte opp var det heilt fantastisk stemning, eg får håpa vi får oppleva det igjen.
Kan bli avgjort i dag
I dag speler både Os og Lysekloster nest siste runde og sesongens siste heimekamp, i kvar si 3. divisjonsavdeling. Os på 5. plass tar imot Åkra på 7. plass (kl 15).
Lysekloster på 1. plass speler mot Loddefjord på 13. plass (kl 16.15). Samtidig speler tabelltoar Sotra (1 poeng bak) borte mot Øystese.
Om Lysekloster vinn og Sotra taper så er opprykket i boks.
Viss ikkje må Lysekloster, som framleis står utan tap, òg vinna bortekampen mot Bjarg i serieavsluttinga laurdag om ei veke.
Avkopling i båt
Baste bur rett over Søvikvågen, 300 meter frå banen, og veit kort han skal gå om han treng avkopling før kamp.
– Då blir det ned til brygga og ut i båt helst for å fiska. Det har vore ein gøy sesong så langt, men sjølv om vi har tatt 62 poeng på 24 kampar så er ikkje opprykket sikra.
– Det tar litt på å ha eit sånt press på seg, med Sotra rett bak, men det gjer oss nok òg mykje betre. Vi har måtta vera skjerpa til kvar einaste kamp.
Lysekloster-kapteinen, som fyller 23 år på måndag, studerte på BI førre skuleår. No jobbar han med å selja fisk i faren sitt firma, Cold Cat.
– Når sesongen er over, i starten på november, reiser eg til Thailand på ferie. Men akkurat no er det opprykk som tel, seier Baste Jonassen.
Midtsiden oppdaterer frå kampen via Twitter. Her er twitterprofilen vår.