Sport | 02. apr. 2012

Dobbelt opprykk!

Medan førstelaget hamna på 2. plass klarte både Os 2 og Os 3 å rykka opp. – No har vi eit endå betre tilbod til ungdomen, seier trenar Erlend Lyssand.

Dobbelt opprykk!
F.v.: Trine Balland, Madeleine Hjertnes og Line Hjelle Berentsen har spelt heile sesongen både på første- og andrelaget. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 02. apr. 2012 11:10

Førstelaget til Os hamna på 2. plass i si avdeling i 2. divisjon, 11 poeng bak Fana, 3 poeng framfor Kvinnherad. Herrelaget var nær opprykk fordi nokre lag over dei ikkje kunne eller ville opp, men landa på 5. plass og blir verande i 3. divisjon.

Men begge dei to andre seniorlaga til Os, damelaga Os 2 og Os 3, klarte opprykk frå 4. og 6. divisjon.

– Blei tøffare enn venta

Andrelaget til damene har levert stabilt og godt gjennom sesongen og då det nærma seg slutten låg dei an til å hamna på 2. plass rett bak serieleiar Tertnes.

Opprykksrival blei Voss, som Os 2 møtte borte i den avgjerande siste seriekampen, der Os 2 kunne klart seg med uavgjort, men Voss måtte ha siger.

– Vi vann 34-29 heime over Voss og reiste til bortekamp med eit sterkt lag. Men vi klarte ikkje å feia dei av banen slik vi trudde vi skulle gjera, det blei ein skikkeleg thriller, fortel trenar Erlend Lyssand.

Heimelaget leverte og leia 18-17 til pause. Tre minutt før slutt sto det 29-29.

– Heldigvis tok vi tak mot slutten og skåra alle dei tre siste måla i kampen.

Betre tilbod til jentene

Os 2 vann 32-29. Førstelagsspelarane Irene Tangerås, Madeleine Hjertnes og Trine Balland skåra 26 av måla, men Lyssand understreker at det heile laget har levert gjennom heile sesongen, også i opprykkskampen, viser at andrelaget fortener opprykket.

– Vi har fleire unge som har stått fram, som Stine Færøvik, som var den første av dei som fylte 16 år i år som takka ja til å spela med seniorane. Ho har gjort det veldig bra på dette nivået og fekk i tillegg fleire 16-åringar med seg.

Lyssand nemner også Trine Balland, Madeleine Hjertnes og Line Hjelle Berentsen som tre spelarar som har vore viktige både for første- og andrelaget gjennom sesongen.

– At vi no har eitt lag i 3. divisjon og eitt i toppen av 2. divisjon gjer at vi har eit veldig godt tilbod til dei flinke ungdomskulla i Os som snart er klare for seniorhandball.

Klar for 5. divisjon

– Vi etablerte eit lag for tidlegare damelagsspelarar, og ungdomar som ikkje hadde ambisjon om å spela på førstelaget, og starta i 7. divisjon, fortel lagleiar Linda Forstrønen.

Første sesong blei det opprykk til 6. divisjon, og no, etter tre sesongar i 6. divisjon, rykte tredjelaget opp til 5. divisjon.

Det blei klart i nest siste runde, då Os 3 tapte 30-29 borte for opprykksrival Salhus.

– Dei to beste laga rykker opp og vi har lagt på 2. plass bak Fana 3 gjennom heile sesongen. Salhus har pusta oss i nakken, men sidan vi slo dei med 2 mål heime, og berre tapte med 1 mål borte, var vi sikra.

Dessutan vann Os 3 også sesongens siste kamp suverent, dermed var opprykket i boks.

– Forskjellen på 6. divisjon og 5. divisjon er ikkje så stor, så eg trur vi skal klara oss greit også neste år. Vi har spelarar frå 16 til 51 år som synes det er kjekt å halda fram med handball på dette nivået, seier Forstrønen.

Osingar i kamp om opprykk til 1. divisjon

Medan Os Turn har sitt beste lag i 2. divisjon er det fleire spelarar frå Os som no kjempar om plass i 1. divisjon neste sesong.

Kristine Håland, Kaja Randa Bertelsen og søstrene Emilie og Elisa Christensen har vakse opp i Oshallen, og speler rett over påske for Fana i kamp om opprykk. Der møter dei blant anna Volda, der Marte Øvreeide frå Os er blant spelarane.

Midtsiden samleside: Handball

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.