I dag blei lysa tent
Etter nokre veker med «rekonstruksjon» på Borgafjellet fekk Os Kulturutvikling i dag, tre veker forseinka, tent lysa på Borgafjellet.
Kvart år sidan 1999 har det vore lys i dei tre lengste bardunane på masta på Borgafjellet.
I år førte ei misforståing til kapping av linene lysa blir heist opp med, men så blei det positiv dialog og nytt løyve til arrangør Os Kulturutvikling.
I kuling og regn på tysdag gjekk Opptur Motbakkeklubb opp med lyslenkene, i tilsvarande vêr i dag har Os Kulturutvikling fått linene opp, heist lyslenkene på plass og tent i éi etter éi av dei tre 50 meter lange lyslenkene.
– Deilig at dei er på plass
– Vi hadde plan om å ha nedteljing av tenninga frå scenen på Os under julefestivalen, men Os Kulturutvikling måtte ta éi lenke av gangen og det er dessutan mykje skodde at vi knapt ser lysa frå Osøyro, seier kultursjef Lisbeth Axelsen.
– Men det er deilig at dei har kome på plass og at vi har lys på Borgafjellet desse 10 dagane før jul og gjennom romjula, synest ho.
Lysa skal henga i masta til 9. januar.