Kultur | 03. mars 2024

I år blir det dragebåtfestival igjen

– Håper å skapa folkefest!

I år blir det dragebåtfestival igjen
Takt og styring er viktig, men det er padlarar laget treng flest av. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 03. mars 2024 20:35

På 1990-talet samla dragebåtfestivalen 25.000 feststemte i Bergen.

I 2015 og 2016 samla teknisk arrangør Rune Nilsen og Solsiden-drivar Tore André Sagstad mange gode lag til marsj og kapp-padling i Os hamn.

Solsiden er historie, men Rune Nilsen held det flytande.

No har Nilsen fått Catten Nightclub med på å arrangera dragebåtfestival i Os igjen.

– Det er i forsøk på å skapa ein ekstra livleg laurdag i Os, seier Catten-eigar Bjarte Andersen.

Datoen er laurdag 8. juni. I dag opna det for påmelding.

– Vi håper å få til ein liknande start som sist, seier Andersen sin medhjelpar, Jostein Eck.

Det betyr oppstilling og avmarsj frå fotballbanen på taket på Giskavollen Parkering, parade gjennom Osøyro og base for padling i hopen ved Oselvarnaustet.

Rune Nilsen med mikrofon under dragebåt-parade gjennom Osøyro. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rune Nilsen med mikrofon under dragebåt-parade gjennom Osøyro. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

På kvelden blir det fest og levande musikk i Vognhallen før festen spreier seg på utestadane i sentrum.

Om bord i ein dragebåt er det ti padlarar pluss éin som trommer takta.

Ofte høyrer det med entusiastiske kollegaer på bryggekanten. Alle i båten, og på land, med kostyme på. Helst.

– Vi håper firma, åleine eller saman med andre firma, og private venegjengar, samlar seg om dette som fin lagbygging og sommarfest før ferien, seier Bjarte og Jostein.

I sakene under ser du bildeseriar og videoar frå 2015 og 2016.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.