Sleivkast | 26. mai 2024

Horneland besøker Sleivkast i morgon. Har du spørsmål?

Davy Wathne og Lars Bakkerud tar imot Brann-trenar Eirik Horneland måndag.

Horneland besøker Sleivkast i morgon. Har du spørsmål?
Horneland, her før treningskamp mot Lysekloster i 2022 (enda 2-2), kjem til Kuventræ måndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 26. mai 2024 18:51

I skrivande stund held Eirik Horneland på å førebu spelarane sine på heimekamp mot Molde med avspark 19.15.

I morgon etter første trening tar han turen til Kuventræ for å stilla i video- og podkast-serien Sleivkast.

– Vi tar gjerne imot spørsmål frå sjåarane, seier Sleivkast sin fotballekspert Lars Bakkerud.

Har du spørsmål Lars og Davy bør stilla Horneland? Send til tips@midtsiden.no innan klokka 12 måndag.

Men det er, som du sikkert ser for deg, ikkje sånn av verken Bakkerud eller programleiar Davy Wathne sjølv er tom for tema dei vil ta opp med regionens største fotballprofil.

– Eg er ein gamaldags journalist, altså ein journalist som framleis er nysgjerrig, ikkje ein som trur eg veit alt sjølv, seier Davy.

Han hadde 22 år i BT og 25 år i TV 2, og meiner det er mykje dagens sportsjournalistar ikkje fangar opp.

– Horneland har fått til noko i Brann. Korleis? Kva er forskjellen på å trena Haugesund og på å trena Brann - og kvifor fungerte det ikkje i Rosenborg? spør Davy.

Davy meiner Horneland ikkje er ein gjest frå «ei anna verd», men at jobben han gjer i Brann har relevans for lokalfotballen bak Brann på fleire måtar.

– Det eine er spørsmål om kor godt han følgjer med i lokalfotballen, og kva han ser etter hos spelarar.

– Det andre er korleis han ser potensial i spelarar som frå før er etablert i Eliteserien, men som for tida ikkje blomstrar. Vi har sett det med fleire signeringar, spelarar som ikkje får tillitt, eller ikkje presterer for andre klubbar, så kjem dei til Brann og blir nøkkelspelarar.

– Eg vil veta korleis han får dette til!

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.