Sleivkast 05: Talentomsorg og utviklingsarenaer
Dagens gjest, Magnus Johansson, får spørsmål om talentutvikling, belastning på yngre spelarar og mengda bergenslag i Toppserien.
Sleivkast er Midtsiden sin nye podkast, starta før serieopning våren 2024. Programleiar Davy Wathne styrer Sleivkast saman med fotballekspert Lars Bakkerud. Sleivkast blir òg gjort tilgjengeleg der du høyrer podkast ein dag eller to etter at videokasten er publisert.
Episode 05: Talentomsorg og utviklingsarenaer
Dagens gjest: Magnus Johansson, trenarutviklar i NFF Hordaland
I denne episoden spør vi om Norsk Tipping-ligaen har blitt for tøff til at unge talent får plass, og om arbeidet med endå yngre talent - og trenarane deira. Samtidig går vi gjennom førre serierunde, toppen av kvinnefotballen, kårer rundens høgdepunkt og ser fram mot andre NM-runde og seriekampane til helga.
Erik Göran Magnus «Lill-tidan» Johansson har blant anna vunne UEFA-cupen med IFK Göteborg, vore trenar for Løv-Ham og Åsane og, frå 2012, jobba med spelar og trenarutvikling for NFF Hordaland. I dag fekk han ein god prat med Davy Wathne og sin tidlegare lagkamerat på Brann, Lars Bakkerud.
Podkast og varsel
Sleivkast er òg tilgjengeleg som lyd åleine. Podkast blir som oftast publisert cirka eit døgn etter videokasten.
- Lytt til episodane våre på Spotify eller Apple Podcasts
Trykk gjerne på abonnér, så får du varsel når vi er ute med ny episode.
Hugs å tipsa andre som kan ha glede av Sleivkast!
Har du kommentar til episodane eller tips om tema eller gjestar? Send til oss på tips@midtsiden.no.