Hodneland på fulltid med Herbalife
Flyttar til Vognhallen: Utvider satsinga med nytt «lokale» for 24FitClub Os.
Etter over 3 år i Kolskogheiane flyttar 24FitClub Os til Vognhallen.
Samtidig har initiativtakar til den kostnadsfrie treningsfellesskapen, Eivind Hodneland, sagt opp jobben som butikksjef for å driva med Herbalife på fulltid.
– Eg var på nippet til å satsa på fulltid før eg gjekk frå Bjørnefjorden Golfklubb til Bygger’n. Då eg no følte at den eine jobben hindra den andre, at lønsemda med deltidsjobben låg likt som fulltidsjobben, var det på tide å tenkja nokre år framover, seier Eivind.
Han har både foreldre, onkel og tante som har jobba fulltid som sjølvstendige Herbalife-distributørar sidan slutten av 90-talet.
– Dette gir ein annan fridom, både til å halda på med noko eg brenn for, og til å reisa, ha fritid, vera med familien og å bygga opp eit nettverk av kundar og andre distributørar som vil det same.
Eivind jobbar saman med kona Marianne.
– Det som driv oss er alle dei gode resultata, det å vera med på ei positiv endring i livsstil saman med andre.
Ny arena: Vognhallen
Den siste onsdagen i august var Hodneland og resten av 24FitClub og testa Vognhallen som arena.
– Lokalet i Kolskogheiane har vi ut september. Det har fungert greit når det har vore opphaldsvêr, men med 15 til 80 per treningsøkt, og berre plass til 30 inne, så vil vi ha det betre her.
Laurdag om ei knapp veke er det «open dag» i den opne hallen.
– Laurdag har vi «Active Lifestyle Day» med to økter med HIIT (high intensity interval training). Den siste er HIIT Turbo, ei økt som er unnagjort på 7 minutt. HIIT Turbo passar fint om det er ein dag du i utgangspunktet ikkje har tid til trening, om du så er midt mellom seminar og middag og vil ha ei kompakt økt for ikkje å mista kontinuiteten i treninga.
Også fitcluben i Hamnevegen skal slå seg i lag med gjengen frå Kolskogen, i Vognhallen.
Låg terskel - høg stemning
Frå oktober blir det faste treningsøkter kvar veke, både inne i den nye kulturstova og ute i hallen.
– Dette er lågterskeltilbod, og det er gratis. Her kan du koma rett frå sofaen og gradvis koma i form. Det blir utruleg god stemning når du har så mange ulike folk, som opplever framgang, under same tak.
– Vi har hatt opptil sju økter i veka i Kolskogheiane. No i det siste har det vore fire økter i veka i tillegg til løpetrening på Kuventræ. I Vognhallen blir det fast trening tre dagar i veka frå oktober.
Hodneland fortel om god respons også når det blir køyrd ulike tilleggsaktivitetar.
– No har vi ein «fitnesschallange» med 50 plassar, og dei blei fullteikna på to dagar. Her konkurrerer deltakarane om fine premiar, og det er vinnarar i fleire kategoriar, frå dei som legg på seg mest musklar til dei som brenn mest fett i løpet av dei seks vekene konkurransen varer.
– Trening for nybakte mødre har òg vore populært, er det framleis eit tilbod i klubben?
– Det har variert med kva initiativ dei nybakte mødrene har tatt, ungane veks jo fort til. Nett no er det ingen nybakte mødre i grupper, men om nokre vil i gang igjen med tilbodet skal vi legga til rette for dei, seier Hodneland.